Bistand som problem

Publisert Sist oppdatert

I Dag og Tid-serien «Noreg i verda» skriv Terje Tvedt denne veka om det norske freds–?og bistandsarbeidet i Sør-Sudan. 15 milliardar bistandskroner har Noreg brukt i dette fattige landet, der Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp var tungt inne som aktørar, og der Noreg var med i skipinga av den nye staten i 2011.

Den norske Sudan-politikken er eit nytt døme på korleis den norske staten og norske friviljuge bistandsorganisasjonar på grunnleggjande måte påverkar utviklinga i fattige land.

Diverre har norske styresmakter i altfor liten grad teke inn over seg korleis denne politikken har fungert, og kva føresetnader vi har for å nytta store pengesummar i fattige land.

Det er vanskeleg nok å få til ein god norsk distriktspolitikk. Kvifor er vi då så sikre på at vi skal kunne oppnå fred og utvikling i konfliktfylte, fattige land som har ein heilt annan kultur og historisk bakgrunn?

Tanken bak er god, men i praksis er denne type utanrikspolitikk svært problematisk. Med alle pengane våre snur vi opp ned på lokalsamfunn. Vi undergrev ofte lokalbasert eksisterande økonomisk verksemd, og – i tilfellet Sudan – endrar òg på sjølve statsmakta.

Korleis ville det gått, og korleis ville vi reagert, om Kina hadde brukt milliardar av kroner på alle mogelege tiltak som dei meinte var støtteverdige i vårt eige land?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement