Bør krigen i Ukraina føra til at vi på nytt byggjer opp eit beredskapslagra for korn? Etter fyrste verdskrigen var vi samde om at vi måtte sikra oss matvaretryggleik i Noreg. Så, i sytti år framover, sytte alle regjeringar for eit beredskapslager.
Men ordninga vart i praksis avvikla i 2003. Argumenta var at ho ikkje er føremålstenleg, at ho kostar mange pengar og at det skal særs mykje til før all import av korn og mat stoggar opp. Dessutan kan vi eta fisk om det røyner på, og vi som er eit rikt land, har meir enn nok pengar til å kjøpa korn og matvarer for, sjølv om tilgangen skulle verta prekær.
Men krigen i Ukraina, saman med farane for flaum og tørke, er ei ny påminning om at kornforsyninga i verda er sårbar. Det er få verkeleg store eksportørar på verdsmarknaden – to av dei er Russland og Ukraina. Så ein kan ikkje gå ut frå at ein ekstremsituasjon er utenkjeleg.
Ja, Noreg kan betala meir for å sikra korn i ei global krise, men då er det andre som ikkje får kjøpt korn. Og dess fleire land som har eit kornlager, dess større buffer har ein dersom ei krise skulle oppstå. Noko som igjen vil dempa dei verste prisutslaga, til stor nytte for fattige land. Dessutan har Noreg ein låg sjølvforsyningsgrad på mat generelt, sjølv om sjølvforsyningsevna er langt større. Slik sett har vi større trong for eit lager enn mange andre land.
Eit kornlager er ei forsikring i ein ekstremsituasjon, av same grunn som vi held oss med eit forsvar. Ein ny fregatt kostar 13 milliardar kroner. Då har vi råd til å byggja opp ein silokapasitet til ein eingongskostnad på rundt 250 millionar. Innkjøp av korn kjem i tillegg. Faste årlege driftskostnader er på rundt 50 millionar kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.