Torsdag 18. februar vert det klart om Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker vil gjenopna Baneheia-saka. Det er no sjuande gongen kommisjonen skal vurdera denne grufulle valdtekts- og drapssaka frå 2000.
Jan Helge Andersen og Viggo Kristiansen vart dømde til høvesvis 19 års fengsel og 21 års forvaring for valdtekt og drap på to jenter i 2000. Andersen tilstod og hevda at Kristiansen var medskuldig, og han har no sona ferdig. Kristiansen har heile tida hevda at han er uskuldig, og han sit framleis fengsla.
Det er Kristiansen som på nytt har bede om at saka vert teken opp att. For at saka kan gjenopnast, må kommisjonen meina at det er vesentlege nye opplysingar som er komne til, og som kan føra til mildare straff eller frikjenning.
Særleg er det DNA-analysane det vert stilt vektige spørjeteikn ved. Dessutan mobilprovet – om dekningstilhøva i Baneheia var slik at Kristiansen kunne ha sendt dei mobilmeldingane det vart påstått at han hadde sendt derifrå.
Ei gjenopptaking er sjølvsagt ei stor påkjenning for alle pårørande, for saka vil få stor mediemerksemd. Men omsynet til å få avklart fleire av dei uklare momenta i denne saka må vega tyngre.
Dokumentarserien Baneheia – Kampen om sannheten, som no går på TV Norge og Discovery+, problematiserer saka grundig. Det er uheldig at mange av motrøystene ikkje ville delta, men dokumentarserien reiser såpass stor tvil om prova mot Kristiansen at saka synest tent med ei gjenopptaking.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.