X og YEg venta på toget på Oslo S. «Kva synest du om partiet til Carlsen i går?» spurde X då han såg meg. «Det var

Den georgiske stormeisteren Baadur Jobava minner litt om X og Y.
Den georgiske stormeisteren Baadur Jobava minner litt om X og Y.
Publisert

Eg venta på toget på Oslo S. «Kva synest du om partiet til Carlsen i går?» spurde X då han såg meg. «Det var interes…» byrja eg. «Sorry, eg må fylgja etter han der borte». Så forsvann han.

Dette er ei yrkesgruppe eg ikkje hadde møtt før Carlsen-feberen heimsøkte landet vårt. Politi er greitt nok, men politispanarar, det var nytt. Korleis ser dei eigenleg ut? Som i krimlitteraturen?

Eg er blitt kjend med to spanarar, X og Y. Og eg kan slå fast at politispanarar er heilt like. Dei har det same velstelte håret, den same veltrente kroppen. Dei er vakrare enn andre yrkesgrupper (juristar, journalistar osb.) eg har møtt gjennom sjakken. Og dei tenkjer likt. Dei er til dømes særs interesserte i Magnus Carlsen og Fjodor Dostojevskij. Det einaste som skil X frå Y, er at X byrja læra seg russisk for å kunna lesa Dostojevskij på originalspråket. Så politispanarar treng ei form for intellektuell stimulans. Men på same viset som sjakkspelarar ikkje skjønar noko av postmodernisme eller humaniorameldinga regjeringa la fram, er òg politispanarar heilt uinteresserte i slikt. Sjakkspelarar og politispanarar trur ikkje at røyndomen er ein språkleg konstruksjon. Sjakkspelarar og politispanarar les ikkje Morgenbladet.

Politispanarar har tolmod. Når dei sit i bilen og ventar på at NN skal koma ut av husværet sitt, les dei om Raskolnikov i Forbrytelse og straff og spelar sjakk på mobilen. Potensielle terroristar og narkotikalangarar kan vera inne i dagevis utan sol, så spanarane får mykje mengdetrening i sjakk. Men dei kan ikkje gå i ein sjakklubb. Og dei er livredde for å få rating.

Når dei diskret oppsøkjer meg på jobben, tek dei fram eit sjakkbrett. Den fyrste gongen nekta eg å spela mot X av di eg trudde nivået hans var så lågt. Men eg gav etter til slutt. Eg tok ein slurk av kaffien og svelgde djupt. Han spela bra.

Kven er best av X og Y? Mot X måtte eg ein gong ta remis. Så X er vel litt betre enn Y, altså X > Y.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement