Mange innbrotstjuvar har skore seg på glasbrot, og nokre har drege på seg arm- og beinbrot òg. Brytekampane i forbrytarmiljøa skal me dessutan halda oss langt unna. Bryting er rett nok ikkje eit brotsverk, og det er greitt at folk morar seg med å bryta handbak eller bryta kvarandre i bakken, men brotsmenn og brotskvinner kan lett finna på å bryta spelereglane og valda stygge brotskadar.
Medan me ventar på at lovbrytarane skal bryta med miljøet sitt, kan me ta verbet bryta i augnesyn. Dette arveordet er registrert i gamalengelsk, men elles finn me det berre i nordiske mål, jamfør norrønt og islandsk brjóta, færøysk bróta, dansk bryde og svensk bryta attåt vårt bryta. Verbet brøyta og substantiva brot, brote og braut (‘veg; bakke’, eig. ‘oppbroten veg’) er i ætt med bryta. Norrønt braut vart mykje nytta i seiemåtar som «ganga á/í braut» (‘gå, fara av stad’, eig. ‘gå ut på vegen’) og «vera á/í brautu» (‘vera faren’, eig. ‘vera ute på vegen’). Braut endra etter kvart form til brott, burt og bort. Når me seier at nokon er borte, seier me strengt teke at dei er på vegen. Det same gjeld låneordet vekk, som kjem av lågtysk wech (‘veg’).
Bryta har hovudtydinga ‘knekkja, slita av eller laus, få til å bresta’, og som det gamle ordtaket seier: «D’er lett å brjota; d’er seint å bota.» Me kan bryta foten, bryta av nåla, bryta sund låsen og bryta opp døra. Slike brot er ofte leie, og det er leitt å berre oppfatta brotstykke av ei spanande samrøde. Men me kan òg nytta bryta om gagnleg tilverking og opparbeiding, jamfør «bryta jord», «bryta malm», skiferbrot og saltbrot. Nybrotsarbeid er jamnast noko godt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.