Vinkrigen
Då Noreg forbaud import av brennevin og heitvin i 1917, svara Portugal med ikkje å kjøpe klippfisk.
Foto: Paulo Duarte / TT / NTB scanpix
Noko av det første det norske stortinget gjorde i tida etter 1814, var langt på veg å frigjere brennevinsbrenninga. Liberalistiske tankar om næring og handel var rådande. Staten skulle ikkje blande seg for mykje, og brennevinsbrenning var ein effektiv måte å gjere den nye voksteren – poteten – om til nødvendige pengar.
Dette utløyste storfylla i Noreg. Det finst groteske skildringar, mellom andre frå Eilert Sundt, om den sosiale katastrofen dette var.
Og ei av dei sterkaste folkerørslene i Noreg i førre hundreåret, fråhaldsrørsla, melde seg. Folk frå alle lag var med her. Ei av drivkreftene var Johan Sebastian Welhaven. Fråhaldsfolk dukka opp i storting og regjering. Dei hadde makt. Alkoholen skulle tuktast.
I mai 1917 vedtok Stortinget samrøystes ei lov som gav regjeringa fullmakt til å innføre eit førebels forbod mot import av brennevin og heitvin. Emnet var sentralt i valkampen 1918. Skulle forbodet bli permanent? Partia vart samde om å spørje folket – i ei folkerøysting. Drikkevarer med meir enn 12 prosent alkohol var det det handla om. 61,6 prosent av dei som røysta, ville ha forbod. 38,4 prosent ville ikkje det.
Så var det i gang. Frå Frankrike kjøpte vi hovudsak lette vinar. Frå Spania kjøpte vi meir brennevin og heitvin. Og desse landa var hovudmarknaden for norsk klippfisk.
Ein føresetnad frå norsk side var at tørrfisksalet skulle gå som før, etter at alkoholkranane var stengde. Det viste seg å vere eit svært naivt standpunkt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.