Verda blir skapt
Den britiske vitskapsmannen Charles Robert Darwin gav opp å finne eit svar på urspørsmålet.
Foto: AP / NTB
Å ordne og forstå verda har vore eit prosjekt for menneska i alle tider. For å kunne orientere oss i verda har vi laga tankerammer, der vi har sett inn ting vi heilt sikkert veit og stoler på.
Hendingar tek tid. Alle hendingar har eit startpunkt og ei avslutning: eit liv, ei regnbøye, ein krig, eit fjernsynsprogram. Når hendinga har brukt opp si tilmålte tid, er ho over. Dette er kvardagskunnskap.
Og alt som hender, har ei årsak, ei forklaring. Vår avanserte vitskap jagar ustoppeleg slike forklaringar.
Men korleis starta verda, vår tildelte tilhaldsstad? Når vart det heile sett i gang? Av nokon? Av kven?
Gjennom alle tider har menneska slite med dette, å forstå historia til dei fysiske rammene om livet.
Ei svært vanleg løysing på desse spørsmåla var å skape gudar som fekk forklaringsevne og forklaringsmakt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.