«Den late sit i senga og ynskjer han hadde lege», seier ordtaket. Dei som er sengebundne, skal visseleg få kvila når dei ynskjer og treng det, men det er ikkje ynskjeleg at alle andre ligg og dreg seg jamt. Me lyt hugsa at «ynske fyller ingen sekk», eller som det òg heiter: «Var det nok med ynske, var alle mann rike.»
Me får ikkje alt me ynskjer oss, men det er ikkje forbode å ynsketenkja – eller tenkja på ynskja, som er det me skal gjera her. Ynskja er eit gamalt, germansk verb som i dag finst i former som svensk önska, dansk (og bokmål) ønske, færøysk ynskja, islandsk æskja, engelsk wish, nederlandsk wensen og tysk wünschen. Opphavleg stod det ein w fremst i dei nordiske formene òg, men i tidleg norrøn tid fall denne w-en bort framfor runda vokal (jf. norsk ord, ull og ulv mot engelsk word, wool, wolf og tysk Wort, Wolle, Wolf). I utgangspunktet var det òg ein n inne i dei nordiske formene. Denne n-en fall fyrst bort (jf. norr. yskja, øskja), men etter påverknad frå mellomlågtysk wunschen kom han inn att i alle dei nordiske måla utanom islandsk. Av ynskja kjem elles substantivet ynske.
Nokre av dei som ynskjer seg ei trongare rettskriving, er misnøgde med normeringa av ynskja. Sidan me kan velja mellom a- eller e-ending i infinitiv, y eller ø fremst i ordet og j eller ikkje j inni ordet, er det i alt åtte tillatne former i infinitiv. Men språkbrukarane har ikkje dei same formene øvst på ynskelista si, og det er uråd for rettskrivingsnemndene å gå med på alle ynske og krav. Ynskekvister og ynskebrunnar hadde kanskje letta arbeidet?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.