Uventa problem

Feltmarskalk Mikhail Kutuzov hadde vore unemnd lenge, men dukka opp i glas og ramme i dei sovjetiske offisersmessene under den andre verdskrigen.
Feltmarskalk Mikhail Kutuzov hadde vore unemnd lenge, men dukka opp i glas og ramme i dei sovjetiske offisersmessene under den andre verdskrigen.
Publisert

Det er ingen orden på problemproduksjonen historia stendig driv med. Støtt og jamt kjem det overraskingar, som så må handterast med den klokskapen, den fantasien og den makta som finst. Løysingane, resultata, kan bli overraskande, dei også.

I 1940 stod England åleine mot den største krigsmakta historia til då hadde sett. Frankrike var slått, Danmark og Noreg okkuperte. Situasjonen var dramatisk. Alle ressursar måtte sikte mot eitt mål: å forsvare seg og drive barbariet tilbake. Det vart innført rasjonering på det meste. Gummi var eit viktig stoff for krigen. Det vart streng rasjonering på gummi. Men eitt produkt vart fritatt for rasjoneringa: gummiblåsene som bles opp fotballane av lær. Dei var nødvendige for å kunne spele fotball. Og den store strategen Winston Churchill meinte at fotball var nødvendig i krig, skulle ein halde motet oppe og sinna friske. Så gjekk fotballen sin gang medan Storbritannia levde seg gjennom si farlegaste tid. Livet kunne ikkje stanse, meinte Churchill.

Den tyske invasjonen i Sovjetunionen i 1941 var katastrofal for det sovjetiske forsvaret. Tyskarane hadde stor framgang og kom langt inn i landet. Forsvaret var i dårleg stand. Ein av grunnane til det var at mange høge offiserar var reinsa ut i dei prosessane Stalin stod bak i trettiåra. Dei var borte – døde eller deporterte. I tillegg var kommandostrukturane ille medfarne. Armeen var folkets armé. Det innebar at alle offisersdistinksjonar var fjerna. Ingen skulle stikke seg ut med pynt og jugl. Stjerner, vinklar, gylne snorer, alt var borte.

Då katastrofen var eit faktum og tyskarane marsjerte innover i landet, snudde Stalin. Her måtte ein tilbake til gamal orden. Vinklane og den andre pynten måtte tilbake. Hæren måtte kome på fote, strukturelt og psykologisk. Den ærefulle tsartida vart løfta fram. Tsarens gamle generalar dukka opp i offisersmessene, i glas og ramme, med alle medaljar, utmerkingar og alt dei kunne vise fram. Og all offiserspynten var der. Dagleg gjekk sovjetiske offiserar under det strenge blikket til Kutuzov, ein av dei store hærførarane i all historie, han som dreiv Napoleon ut av landet. Han hadde vore unemnd og borte lenge.

Men kor kunne ein få tak i den nødvendige offiserspynten? Einast i USA, var svaret. Og pynten vart tinga. Men om han skulle kome inn i Sovjet, fanst det berre éin open veg, gjennom Nordishavet fram til Murmansk og Arkhangelsk, forbi norskekysten i nord, der også anna krigsmateriell vart frakta, i stor del av norske skip. Denne trafikken var livsfarleg, og tapa var store, også for norske skip og sjømenn. Og det blir fortalt at det vart reagert frå norske mannskap når det vart klårt for dei at dei sette livet på spel for denne offiserspynten, dette juglet.

Men det meste av pynten kom fram, og tyskarane vart etter kvart drivne tilbake og heim til Berlin. Så når dei sovjetiske generalane paraderte og feira sigeren over Hitler, var dei like pynta med stjerner og band som tsarens generalar hadde vore då dei reid inn Paris etter at Napoleon var slått. Tradisjonen hadde vunne, og høge sovjetiske militære som var å sjå i etterkrigstida, hadde brystkassa godt dekt med stas.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement