Ungdomssynder

Ole Bull (1810–1880) var fiolinist og komponist med internasjonal suksess.
Ole Bull (1810–1880) var fiolinist og komponist med internasjonal suksess.
Publisert

Bull er eit sentralt namn i moderne norsk historie. I leksikonet fyller Bullane fem heile sider. Det er alle slag folk, frå kunst, vitskap, politikk og det meste anna. Eit heilt leksikonkapittel.

Med all respekt for alle desse Bullane er nok Ole Borneman Bull, apotekarson frå Bergen, den største stjerna av dei. Han vart verdskjend, ein av dei store fiolinistane i tida. I Ole Bull State Park i Pennsylvania er det framleis ein årleg musikkfestival til hans ære. Ved sida av felespelet gjorde han ein stor innsats for kulturlivet i eit nyvakna land som mangla det meste. Han stod bak det første norske teateret, som sidan vart til Den Nationale Scene i Bergen. Ein sesong dreiv han teateret saman med Bjørnstjerne Bjørnson.

Han prøvde å opprette ein norsk koloni i USA, Oleana. Det vart ein dyr fiasko.

Leksikonet fortel at han som 18-åring kom inn på det nye universitetet i Kristiania for å studere teologi. Det var mislukka. Han strauk i latinsk stil, og den akademiske karrieren var over.

Dette er frisert historieskriving, for ikkje å seie rein løgn. John Petter Collier fortel den brutale og sannferdige historia om Ole Bulls akademiske karriere i første bandet av historia om Universitetet i Oslo.

Han var oppe til eksamen artium i 1828. Han visste at latinkunnskapane hans var elendige. Ole gjorde då ein avtale med fetteren sin, som var oppe til eksamen samtidig, og som var stø i latin. Fetteren skulle leggje kladden sin att på toalettet, og så skulle Ole finne han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement