JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Ung gut i Moskva

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
15 år gamal vart Robert James Fischer stormeister, den yngste i historia. Rekorden vart slegen med éin månad i 1991 av det ungarske fenomenet Judit Polgár.

1971
20191101
1971
20191101

Før alle historiene om galskap og genialitet var Bobby ein ung Brooklyn-gut som lika sjakk, symjing og bordtennis. Mest lika han sjakk. Skulen var han mindre interessert i, men sjakken vart så viktig at guten som 14-åring alt hadde om lag 40 sovjetiske sjakkbøker, ifølgje ein sovjetisk journalist som vitja han i 1957. Bobby Fischer lærte seg det kyrilliske alfabetet og følgde dei sovjetiske meistrane tett.

Det var på denne tida han for fyrste gongen vart vonbroten over heimlandet USA: Korleis kunne det amerikanske publikummet «gå bananas» over ein sport som boksing, men vera heilt uinteressert i sjakk? Det var òg umogleg å ha vyrdnad for skulelærarane, dei skjøna jo ikkje noko. Berre gymlæraren var OK – han spela sjakk.

Åleinemora Regina Fischer visste råd: Ho skreiv eit brev, via ambassaden i Washington, til den sovjetiske leiaren, generalsekretær Nikita Khrusjtsjov, med ei bøn om at dei inviterte son hennar til ei vitjing. Året etter, då Bobby vann USA-meisterskapen i 1958, kom invitasjonen. 15 år gamal drog Bobby til Moskva med storesyster si.

Bobby var heilt uinteressert i Kreml og turistattraksjonane. Han ville berre vera i Sjakkens hus på Gogol-bulevarden. Her spela han lynsjakk frå tidleg til seint i 14 dagar. Han slo den unge russiske meisteren Aleksandr Nikitin, mannen som seinare skulle oppdaga Garri Kasparov. Då han vann tre parti mot den kjende teoretikaren Vladimir Alatortsev, vart det leven. Alatortsev skreiv i pressa at denne amerikanske guten var ein framtidig verdsmeister. Russarane henta inn forsterkingar: Tigran Petrosjan (29), som sjølv vart verdsmeister i 1963, og lynsjakkspesialisten Jevgenij Vasjukov (25). Bobby (15) var ikkje imponert – han hadde reist til Moskva for å møta verdsmeisteren Mikhail Botvinnik!

Men då Vasjukov sette guten på plass med duellsigeren 11–5 på 16 lynparti, roa Bobby seg ned, og tenkte på kor god Botvinnik måtte vera.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis