Tyrkarens sjakksong
Foto: Vibeke Ekeland Grønn.
I ungdomsåra fekk han ein viktig ballast då han var innom Noregs eldste klubb Arendal Sjakkselskab – ja, dei nyttar faktisk stavinga med «b» på Sørlandet. Han vert omtala med fine ord som ein «kanonisert samtidsdramatikar». Om ein ikkje trur på slikt, eller tenkjer at dette er riksmålspropaganda, så kan ein lesa artikkelen til førsteamanuensis Lars August Fodstad, på nynorsk, i Norsk litterær årbok 2017: «Opningar i det moderne dramaet – med døme frå Henrik Ibsen og Finn Iunker». Eg trur ikkje Fodstad diskuterer den franske opninga til Walter Benjamin i eit sjakkparti mot Bertolt Brecht, eit sjakkfragment som Finn Iunker tematiserte i ei absurd-filosofisk framsyning på Dramatikkens hus i Oslo i 2016.
Sjakkinteressa til Iunker vart vekt opp att med Magnus Carlsen, som hos mange norske forfattarar. Jan Erik Vold grov fram og sende meg eit nesten ukjent sjakkdikt av André Bjerke. Iunker har teke sjakken til scenen i tre ulike framsyningar, sist gong i desember 2017. Eg visste om engasjementet hans for riksmål då eg spurde han om den siste librettoen, men eg hadde ikkje venta at han tok steget heilt ut. Librettoen er skriven på tysk og har tittelen Historischer Materialismus, inspirert av Walter Benjamins samanlikning mellom sjakkmaskinen «den mekaniske tyrkaren» frå 1770 (i røynda sat ein dverg inni maskinen og utførte sjakktrekka) og eit marxistisk historiesyn.
Eg spurde Iunker om han kunne forklåra kva Benjamin meinte med samanlikninga. Iunker svarte: «Om du møter nokon som seier dei skjønar Benjamin, så spring. Den personen kan ikkje vera frisk.»
På scenen plasserte Iunker operasongarar, musikarar og åtte kvinnelege sjakkspelarar. Musikken var kopla til sjakktrekka slik at kvart sjakkbrett hadde ein unik klang. Sjakkmusikken høyrest ut som avansert jazz, og ingen kan seia at det ikkje svingar av sjakken i Historischer Materialismus.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.