Ord om språk
Tungrodd lakrisbåt
Danskebåten og ei rad andre båtar, som bergingsbåtar, fiskebåtar, snøggbåtar og ubåtar, kan vera i sving heile året. Båtfolket plar gå i båtane om våren, og då tenkjer eg ikkje på livbåtane, men fritidsbåtane eller småbåtane. Å vera i lystbåt er utan tvil mest lysteleg i sumarhalvåret. Nokre kosar seg storleg med båtpåske òg, medan andre sit i solveggen på hytta og et appelsinbåtar.
Båt er ei av dei vanlegaste nemningane for ‘farkost på vatnet’, saman med skip. Hovudregelen er at skip viser til større farkostar enn båt, men orda kan òg vera synonyme (tankbåt = tankskip). Båt er eit kulturord som har sigla inn i mange ulike mål. Frå gamalengelsk har det kome inn i den romanske ætta, jamfør ord som fransk bateau og italiensk battello. Truleg kom det òg inn i norrønt frå gamalengelsk, eller so gjekk lånet andre vegen. Men kva for røter har ordet?
Eitt framlegg er at båt (norr. bátr) heng i hop med verbet bita og hadde grunntydinga ‘det å lata båten bita seg fast i sjøen mot vinden’. Ei av tydingane til norrønt bíta var just ‘kryssa, sigla opp mot vinden’. Nokre gissar at båt fyrst viste til noko uhandgripeleg (‘det å styra mot vinden, kryssing’), som med tida vart meir handgripeleg (‘fargreie ein kan styra mot vinden med’). Ei rad andre teoriar finst òg, til dømes at båt opphavleg tydde ‘kløyvd (og uthola) trestomn’.
I dag får veg- og brubyggjarane meir merksemd enn båtbyggjarane. Å køyra bil treng ikkje vera tryggare enn å ta båten, men me slepp i alle fall at fullsette kyrkjebåtar velt, so mest ei heil grend stryk med. Det er fint å tenkja på – fram til me kjem på at båtflyktningar vert sende ut på havet i skrøpelege gummibåtar. Mange biletlege seiemåtar med båt har just med fare å gjera, til dømes «det er so vidt båten ber». Ofte er det lurt å «sitja stille i båten», og dei som «er i same båt», er i den same (farlege, vanskelege) stoda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.