Kunnskap

Trana, maisen, risen og eikenøttene

Bak bortreiste traner i Spania, del 2

Trana er den tyngste trekkfuglen som vekslar mellom å flakse og å gli på termikkar, alt etter omstenda. Ho flyg med heile kroppen utstrekt. Kroppslengda er over éin meter og vengjespennet rundt to.
Publisert Sist oppdatert

Eg har to dagar på meg til å finne tranene. Når eg fyrst er i Extremadura, eit av dei viktigaste overvintringsområda for arten, og bur hos ein ornitolog, skal det ikkje vere så vanskeleg. Men dei held nok til på avsidesliggjande farvegar.

I mange hundreår har traner som hekkar i Nord-Europa, oppsøkt eit visst iberisk landskap om vinteren: dehesa. Her vert beitemark for sauer, griser og kyr kombinert med tre, som oftast av dei lokale, eviggrøne eikeartane steineik eller korkeik. Ordet dehesa kjem frå latinsk defesa, «inngjerda» eller «sett av». Landskapet og praksisen har vore kjende sidan mellomalderen. Eiketrea gjev blant anna eikenøtter, ei viktig matkjelde for den iberiske grisen. Men også traner har funne seg til rette i dette agroøkosystemet. Eikenøttene har vore viktig kosthald for dei i tallause mannsaldrar.

I dei siste tiåra har dyrking av ris og mais hatt ein kraftig oppsving i regionen. Traner har klart å tilpasse seg desse nye formene for arealbruk og et no også ris- og maiskorn som ligg att på bakken etter haustinga. Eventuelle trugsmål ligg i den intensive dyrkinga av oliven- og frukttre. Slikt vil verken by på næring eller habitat for dei. I hekkesesongen et traner andre dyr, til og med fuglar og små pattedyr, men vinterkosthaldet er i hovudsak vegetarisk.

Sjølv om tranene for tida er lettare å finne i dei opne åkerlandskapa, vil eg sjå dehesa. Landbrukssystemet er ikkje berre gamalt frå menneskeperspektiv og særeige for Sørvest-Iberia – det er også heim til eit stort mangfald artar. Ornitologen Martin Kelsey gjev meg tips om kvar eg kan dra, eit stykke utanfor byen Trujillo, som ruvar med slott over slettene.

Eg reiser med to småbarn og sambuar, og her skal det gå an å gå tur. Vi parkerer bilen ved eit gjerde med eit skilt som fortel at området også vert brukt til fiske. Her veks steineiker kring ein liten innsjø. Under den lysegrå himmelen har lauva nyansar av grønt som er karakteristisk for Sør-Europa, med sølvgrå og blå skjær i. Også vatnet er blågrønt. På bakken ligg avlange eikenøtter og det som ser ut til å vere fersk avføring etter storfe, men det er ikkje eit pattedyr å sjå, utanom oss fire firbeinte. Heller ikkje ei trane. I dag ser vi svartstrupar, silkehegrar og to toppdykkarar i ulike overgangsstadium frå sommar- til vinterdrakt.

Eit kjent, skarpt rop bryt stilla, og ein liten vassfugl stig frå breidda, opp mot himmelen og over til den andre sida, med mørkegrøn kropp og kritkvit stjert: ei skogsnipe. Synet og lyden har eg vorte kjend med i Noreg. Til liks med tranene hekkar ikkje den skye skogsnipa så langt sør, men er her på overvintring. Det er ikkje heilt kveld enno, men det er på tide å dra. På veg attende til bilen flyg ein stor vassfugl med langt og flatt nebb over oss, som ber det talande namnet skeistork. Kven veit om ikkje tranene skal kome hit seinare i kveld. Slikt landskap, med den vesle innsjøen, eignar seg godt til soveplass for dei, som overnattar på grunt vatn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement