Tomprat for tomskallarTomme tynner ramlar mest, men det kan vera mykje låt i tomflasker og tomme magar òg. Rett nok kan du vera stappmett og likevel kjenna deg tom innvendig, og då hjelper det nok ikkje å lesa

Publisert

Tomme tynner ramlar mest, men det kan vera mykje låt i tomflasker og tomme magar òg. Rett nok kan du vera stappmett og likevel kjenna deg tom innvendig, og då hjelper det nok ikkje å lesa åndstomme bøker. Eller kanskje tanketom tidtrøyte er nettopp det du treng?

Adjektivet tom vert i dag nytta i norsk, svensk, dansk, islandsk og færøysk. Ordet er registrert i gamalengelsk, men i moderne engelsk er det vanleg å bruka empty til å målbera at noko er tomt. I tysk heiter det leer. Med andre ord finst det ikkje noko sams ord for ‘tom’ i dei germanske måla, til skilnad frå motstykket ‘full’. Der har me norsk full, tysk voll, nederlandsk vol, engelsk full og so frametter. Tidlegare vart tom nytta i tydinga ‘ledig, gjerandslaus, fri’. Slik bruk av ordet finn me i norrønt, og døme finst i norsk òg, jamfør ord som tomstund (‘ledig stund; pause’). Tom har elles gjeve oss verbet tøma.

No plar me nytta tom til å målbera at noko er utan innhald. Stundom lyt me sjølve tenkja oss fram til kva slags innhald som vantar: Eit tomt hus kan vera eit hus utan innbu, men det kan òg vera eit fullt møblert hus der ingen er heime – eit folketomt hus. I nokre tilfelle kivast me om adjektivbruken: Er glaset halvfullt eller halvtomt? Me skjønar i alle fall at den som kjem tomhendes og køyrer tomreipes eller tomlesses, kjem med tomme hender og ikkje har noko lass eller bør med seg. Om du ikkje køyrer nokon stad, men lèt motoren gå på tomgang, kan me seia at det er aktivitet som vantar: Motoren er gjerandslaus, han har ikkje noko å arbeida med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement