Sjakk
To frå Odesa
Jefim Geller (1925–1998).
Foto: Wikimedia Commons
I 2016 vart Oktoberrevolu-sjonsgata i den ukrainske byen Odesa ved Svartehavet døypt om til Jefim Geller-gata. Det er ei ære ikkje mange sjakkstormeistrar har opplevd. Geller spela 193 parti mot verdsmeistrane: Han vann 39 og tapte 31. Han hadde solid overtak på både Fischer og Botvinnik. «Vi skjøna ikkje opninga kongeindisk før Geller», sa patriarken i sovjetisk sjakk, Mikhail Botvinnik.
Geller var gatesmart i beste Odesa-tradisjon, ikkje ulik den største russiskspråklege satirikaren dei siste 100 åra, Mikhail Zjvanetskij. Dei hadde den same korpulente, stutte kroppen og den same Odesa-sjargongen med formuleringar av typen: «Går De no, gudskjelov, eller vert De verande, Gud forby?» Og litt seinare: «Så synd at De endeleg må gå.»
Denne kan passa på Geller: «Eg har vore 214 dagar utan alkohol. Men ikkje på rad.» I alle høve røykte han som ein skorstein. Han måtte òg eta. Då han vitja Botvinnik på datsjaen for å analysera sjakkvariantar nokre dagar, flykta han frå staden utan eit ord. Botvinnik serverte berre lunsj og middag, utan mellommåltid.
Den karakteristiske Odesa-humoren kjem tydeleg fram i dialogen nedanfor:
– Kva er du av nasjonalitet?
– Ja. Og du?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.