Ord om språk
Teikn til anger
Mange av oss har ein eller fleire gonger fått denne oppmodinga: Ikkje gjer noko du kjem til å angra på! Det er eit godt råd, og dersom oppmodinga kjem frå ein angrande syndar, kan det henda at orda får retteleg tyngd òg. Å fylgja rådet er likevel lettare sagt enn gjort. Om me vert oppskaka, drukne eller båe delar på ein gong, kan me seia eller gjera noko me elles aldri ville ha sagt eller gjort. Då er det keitt å koma til seg sjølv att: «Når sinnet går av, kjem angeren etter.» Det vert òg sagt at «inkje vondt er so vel angra at det ei var betre ugjort».
Ordet anger (norr. angr) boltrar seg fyrst og fremst i dei nordiske måla. Me nyttar det gjerne i tydinga ‘sorg, skuldkjensle, trege’. Det avleidde verbet angra har hovudtydinga ‘kjenna anger, ynskja ugjort’. Frå nordisk har verbet funne vegen inn i engelsk (anger), men der har det fått tydinga ‘gjera sint, eggja opp’. I engelsk finn me òg substantivet anger (‘sinne’), adjektivet angry (‘sint’) og den fine nyvinninga hangry, som vert nytta om folk som er irritable på grunn av svolt eller lågt blodsukker (ihopsett av hungry ‘svolten’ og angry ‘sint’).
Anger er nærskyldt ang(e)st. Båe heng i hop med eit germansk adjektiv som tyder ‘trong’. Adjektivet har hatt former som ang og ång i norsk, men den tyske forma står sterkast no: eng (bm. «en engere krets»). Anger og angst er soleis klemmande, trykkjande kjensler. Om me går endå lenger attende, kjem me til ei indoeuropeisk rot som tyder ‘binda, snøra i hop’. Sidan angeren er plagsam og lei for dei som vert råka, kan me truga og skremma folk med han: «Det skal du få angra (på)!» Ho som er mor åt Fenrisulven, Midgardsormen og Hel, har eit namn som mestsom er eit trugsmål i seg sjølv: Angerboda (‘bod, varsel om sorg’). Lyser det vondt samvit og anger av henne? Det seier ikkje kjeldene noko om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.