Talent er universelt

Alle sjakktrekka Tanitoluwa Adewumi spelar det neste året, vil verta analyserte med kritiske blikk. Den vesle guten må læra seg å ignorera oss vaksne og halda fast på gleda ved sjakken.
Alle sjakktrekka Tanitoluwa Adewumi spelar det neste året, vil verta analyserte med kritiske blikk. Den vesle guten må læra seg å ignorera oss vaksne og halda fast på gleda ved sjakken.
Publisert

Den russiske stormeisteren og teoriguruen Aleksandr Khalifman sette ord på skepsisen fleire hadde til ein ung Magnus Carlsen i 2007: «Eit talent er eit talent – i Afrika eller i Noreg – men guten er jo heilt uskolert!» Men no kjem det godt nytt frå Afrika. I mai skal Carlsen og verdseliten spela ei turnering i Abidjan på Elfenbeinskysten. Og det store samtaleemnet i sjakkverda dei siste vekene er ein åtteåring frå Nigeria, Tanitoluwa Adewumi.

The New York Times publiserte ein gripande reportasje om guten den 16. mars i år. Han bur på Manhattan i lag med familien sin, som flykta frå terrorgruppa Boko Haram i 2017. Dei var heimlause, som mange andre flyktningar i nauda, då guten for litt over eitt år sidan lærte å spela sjakk på skulen han går på, P.S. 116. Tanitoluwa har hatt ein framgang som ingen andre born i New York, og eit par dagar før avisartikkelen vann han meisterskapen for staten New York i den yngste aldersgruppa.

Ingen stader er konkurransen hardare enn i New York, der skulesjakk er godt organisert på private eliteskular. Mange amerikanske stormeistrar lever av å undervisa dei rike borna. Men talent kan ein ikkje kjøpa for pengar – og viljen og energien til Tanitoluwa kompenserer for den dårlege starten han har fått i livet.

På eit par veker har han vorte stjerne, invitert på TV-show og heim til Clinton-familien. Tanitoluwa sjarmerer alle, og eit par millionar kroner har vorte samla inn til familien. Pengane har dei gjeve vidare til den lokale kyrkja. Tanitoluwa har takka nei til tre eliteskular og held fram på P.S. 116. I førre veke fekk familien gratis husvære.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement