Tal og pasientenEit intervju med Mikhail Tal (1936–1992), gjort av det russiske forfattarlaget i 1967, vart sett om til engelsk og publisert av British
Mikhail Tal, den karismatiske trollmannen frå Riga, var ei gåte ved og utanfor sjakkbrettet. Den jødiske legesonen tok universitetsutdanning i russisk litteratur, eller det han kalla «svart magi». Publikum elska sjakktrekka og historiene til verdsmeisteren.
Eit intervju med Mikhail Tal (1936–1992), gjort av det russiske forfattarlaget i 1967, vart sett om til engelsk og publisert av British Chess Magazine same år. To av dei leiande sjakkhistorikarane i verda, Edward Winter og Olimpiu Urcan, veit ikkje kva dei skal tru. Alle vil vi veta namnet på pasienten og sjå partia. Eg har ikkje funne den russiske originalen, men her kjem den redigerte versjonen min av den engelske omsetjinga.
Tal fortel: «Like etter at eg vart verdsmeister i 1960, tok ein ven kontakt. Han var psykiater og sjølv ein sterk sjakkspelar. ‘Misja, du må slå ein av pasientane mine’. ‘Kvifor gjer du det ikkje sjølv?’ ‘Eg kan ikkje. Karen er 26 år gamal og trur han er den beste spelaren i verda. Han seier han har vunne lett mot dei gamle meistrane Tsjigorin (1850–1908) og Lasker (1868–1941). Berre eit sjokktap kan få han ut av den mentale villfaringa.’
Eg drog til sjukehuset og møtte mannen som gjentok historiene om korleis han hadde vunne mot dei gamle meistrane. Pasienten ville gjerne ta eit parti og føreslo at han byrja spelet utan eit tårn for å gje meg ein sjanse. Men eg fekk overtalt han til å spela mot meg på like fot.
De kan tenkja dykk korleis eg kjende det då eg snøgt vart ståande til tap. Eg skjerpa meg så godt eg kunne, men tapte. Han ville spela på nytt. Eg var meir stressa enn då eg kjempa mot Botvinnik om verdsmeistertittelen, men med største konsentrasjon makta eg å vinna dei neste to partia. Han måtte vedgå at eg ikkje var så dårleg likevel. ‘Men du skulle ha sett Tsjigorin og Lasker’, la han til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.