Frå bridgeverda
Sumar med Tislevoll
Geo Tislevoll, mangeårig bridgeeksepert i Adresseavisa, no utvandra til New Zealand.
Foto: Privat
Det har vorte det sikraste teiknet på sumar: Geo Tislevoll kjem til byen. Han reiser heilt frå New Zealand, der han har gift seg med ein bridgespelande filippinar. Før han flytte dit og vart eit fast innslag på det newzealandske landslaget og i dei store tevlingane i Australia, var han ein gallionsfigur i Noregs bridgehovudstad, Trondheim.
Geir Olav – ingen kallar han noko anna enn Geo – skreiv i ei årrekkje bridgespalta i Adresseavisa. Eg lærte han fyrst å kjenne gjennom denne spalta, og det var traumatisk. Eg spela imot han på ein sumarbridge, var vel rundt femten år, og gjorde noko frykteleg dumt. Eit par dagar seinare vart nettopp dette spelet omtala i avisa. Han anonymiserte meg, men eg visste jo kva eg hadde gjort, eg forstod at eg vart offentleg sjikanert for dumskapen min.
Dette var byrjinga på ei mangeårig frykt for Geo Tislevoll. Eg førestilte meg korleis han sikkert baksnakka meg blant andre durkdrivne bridgespelarar i Trondheims hardbarka barar. Den jyplingen. Trur han er noko, men skjønar ingenting.
Ja, eg følte meg i sanning som eit null: avkledd av sjølvaste Geo Tislevoll, og det i sjølvaste Adresseavisa. Udresfeabifen, som den gotiske logoen seier.
Men bridgens vegar er uransakelege. Åra gjekk, eg knekte nokre kodar, vart litt betre. Fekk ein fot på innsida, som det heiter. Og plutseleg ei natt etter ein julebridge stod eg i baren saman med Tislevoll. Han var venleg, og hugsa ikkje eingong at han hadde kritisert meg i spalta si mange år tidlegare. Etter kvart fekk eg endåtil spela ei tevling med han som makker. Det vanka ikkje berre ros, for å seia det mildt, men ein skøyr venskap oppstod.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.