Ein strekspelar som fer med rampestrekar, kan sporenstreks gå og setja seg på benken, i alle fall om strekane er grove. For det kostar å gå over streken. Det er likevel verdt å streka under at det finst mange slags strekar med ulike oppgåver. Å gå over målstreken er bra, men å levera eit eksamenssvar fullt av overstrekingar og understrekingar er meir vågalt.
Ein strek er i utgangspunktet ei ‘rissa, ripa eller teikna line’. Kva tid ordet fekk denne tydinga, veit me ikkje for visst. Substantivet strik fanst i norrønt, og då vart det nytta om eit slags silkestoff med striper. I alle fall er det eit samband mellom strekar og andre smale saker, for det ser ut til at både stripe, stråle og strimmel er i ætt med strek. Strek er dessutan nærskyldt engelsk strike (‘slå’) og tysk Streich (‘slag’). Ordet sporenstreks kjem frå tysk og er laga av eit substantiv som tyder ‘hogg med sporane’. Den som kjem ridande sporenstreks, driv hesten til å springa so snøgt som råd ved hjelp av sporane.
Bruken av strek i tydinga ‘påfunn, prette’ kjem òg frå (låg)tysk. Ordet vart der nytta om ‘slag el. knep i fekting’. Me kan gjera mange slags strekar, til dømes apestrekar, bajasstrekar, barnestrekar, fantestrekar, galnestrekar, kjeltringstrekar, narrestrekar, pøbelstrekar, revestrekar, skøyarstrekar og gutestrekar. Jentestrekar er derimot ikkje eit vanleg ord. Dersom påfunnet er glupt og gagnleg, nyttar me helst eintalsform: Me seier at nokon har gjort «ein genistrek», ikkje «genistrekar». Bindestreken er vel òg ein genistrek. Dessutan nyttar me eintal når me skal skildra teiknemåten til nokon: Me seier at teiknaren «har ein fin, elegant, humoristisk (e.l.) strek».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.