Dyr
Storskarv
Storskarven er ein sosial fugl som gjerne jobbar som fiskarhjelp.
I karakteristisk kvilestilling står storskarven stille med opne vengjer.
Foto: Sveinung Lindaas
Vi er utanfor byen Blois ved Loire-elva. Denne dagen i august skal vere den heitaste i ei ny rekkje med hundedagar, der temperaturen kvar morgon stig godt over tretti gradar. I hagen luktar det av plommevin. Vi rakk ikkje dei fyrste modne plommene i år, men går no daglege turar for å plukke opp fruktene som har falle i løpet av natta. I denne varmen tar det ikkje lang tid før dei byrjar å gjære – til glede for mange insekt.
På den andre sida av husa renn den ville Loire-elva. Etter å ha hausta under plommetreet går eg ein kort morgontur, i dag i lummer grålysing. I lufta er det stadig rørsle. Måsar, silkehegrar med runde vengjer og dei siste makrellternene som ikkje har reist enno, skin kvite. Plutseleg kryssar eit kjent syn under skydekket, ein liten, V-forma flokk mørke fuglar med utstrekt hals og ein stjert som er noko lengre enn hos gjæser eller ender. Dei kryssforma kroppane svinn så ut av synsfeltet – sju storskarvar på veg ein stad.
Desse fuglane har eg alltid kjent som faste og talrike innbyggjarar her ved Loire-elva, men bestandane har visst svinga i Frankrike og Europa gjennom 1900-talet. På 1970-talet såg det dårleg ut for arten. Han hadde vorte jakta på i stor monn og lide under spreiinga av det insektdrepande middelet DDT, som synte seg å vere giftig for alle ledd av næringskjedene.
I 1979 vart arten freda saman med ei rekkje andre, takk vere EUs fugledirektiv. Populasjonane auka markant. No vert desse dyktige fiskarane skulda for å svekke bestandar av fiskeartar i ferskvatn. Fleire fugleorganisasjonar meiner at storskarven har vorte til syndebukk for å bortforklare den dårlege tilstanden i ein del vassdrag, der forureining, utbygging eller episodar med tørke spelar avgjerande roller. Det kan sjå ut til at arten igjen går utfordrande dagar i møte i Europa, viss auka jakt- og øydeleggingskvotar vert vedtatt.
Ofte ser ein storskarvane på sandøyene. Der kan dei sitje i timevis i si umiskjennelege stilling: med begge dei svarte vengjene utstrekt. Ein høyrer ofte at den spesielle stillinga til storskarven kjem av det faktum at fjørdrakta ikkje er vassavstøytande og må tørke på denne måten. Ei stund trudde ein at storskarven mangla gumpkjertel. Denne kjertelen som er karakteristisk for fuglar, skil blant anna ut eit vassavstøytande sekret når han vert stimulert med nebbet.
Men både gumpkjertelen og fjørene til skarven rugar framleis på uavklarte mysterium. Kjertelen finst hos han, og nyare studiar har synt at kvar fjør på ein skarv består av ulike delar, der den ytre syg til seg vatn, medan den midtarste syter for isoleringa av kroppen gjennom danning av eit luftlag – rett nok eit tynnare eit enn hos dei fleste fugleartar med liknande livsstil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.