Ord om språk
Stilt før stormen
«Dei store stormane / har du attum deg», heiter det i Hauge-diktet «Kvardag». Stormane i diktet kan vera kjenslestormar eller kav og larm av anna slag, det er opp til lesaren. Når det gjeld dei store stormane med handfaste vindkast og regn, ligg mange av dei framfor oss, om me skal tru klimagranskarane. Det er berre å finna fram stormkjøken og stormkrokar og bu seg på hauststormar, vinterstormar, snøstormar, stormflod og jamlege stormvarsel.
Når det stormar som verst, kan dei som ikkje er lettskremde, setja seg i godstolen og lesa spanande soger: «Det var ein mørk og stormfull aftan…» Eller dei kan slå opp storm i ordbøkene. Då ser dei at storm (norr. stormr) truleg heng i hop med norrønt styrr (‘ståk, ufred, strid’), som i dag har forma styr (‘oppstuss, uro; mas, strev’). Me veit elles lite om denne ordflokken. Utanfor nordisk finst storm i tysk (Sturm), engelsk og nederlandsk (storm). Me treng kan henda ei brainstorming (‘idédugnad’) der me finn gode avløysarar til engelsk perfect storm (‘total storm’)?
Det kan blåsa liten, stor eller sterk storm, vinden kan ha storm i kasta, og stormsenteret kan nærma seg med stormsteg. Å vera ute i slikt vêr er utriveleg, men det er ikkje alltid so trygt og triveleg inne heller. Til liks med folk og dyr kan bygningane våre slita med å stå støtt i stormen. Det hjelper å vera låg: «Di høgre hus, di hardare storm.» Når stormvêret ein gong stilnar, spaknar eller legg seg, kan me gå ut og sjå stormbøygde eller stormfelte tre og andre stormskadde saker. Stormar i vassglas kan vera harde nok, men dei plar ikkje gjera like stor skade.
Me kallar det gjerne storming når nokon fer snøgt og ofseleg fram: «Folk storma sperringane.» «Dei kom stormande.» «Me storma stillingane til fienden» (jf. stormåtak, stormtropp). Samfunnsstormarane ynskjer revolusjon, og dei gamle biletstormarane fjerna heilagmenna frå kyrkjene med vald og makt. I dag kan det blåsa opp til twitterstorm, sjåar- og lesarstorm og andre klagestormar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.