Staten og individet – eit dilemma

Kring 1906 var Geodet Munthe Kaas ute i naturen med eit «målebord».
Kring 1906 var Geodet Munthe Kaas ute i naturen med eit «målebord».
Publisert

Mennesket er eit sosialt dyr. Straks fleire menneske dukkar opp, byrjar dei å organisere seg – i familiar, stammer, klanar og etter kvart statar.

Samlivet mellom individa og desse organisasjonane har aldri vore problemfritt. I den første familien fekk vi det første brodermordet. Idylliske familiar er sjeldne, i alle fall om ein ser godt etter. Spenningar finst.

I statane er desse spenningane, mellom staten og individet, utbalanserte på ulike vis. Historia er full av døme på at staten har festa eit fast grep på individa og sett stramme grenser for det kvar og ein kunne tenkje og gjere. Platon meinte at det burde vere slik: Staten burde regjere individa. I europeisk tenking dei siste hundreåra har individet fått meir rom. Vi har fått ålmenne val, folkevalde nasjonalforsamlingar, konstitusjonar som skal verne individa mot staten, rettsstatar og mykje meir. Staten kan ikkje gjere som han vil.

Krigen er ei sterk statsformande kraft. Krig er dyrt. Han må finansierast. Og då dukkar det opp tunge skattar som noko må betale. I norsk mellomalder vart forsvaret organisert gjennom leidangen. Kysten vart inndelt i skipreider, der kvar skipreide skulle halde skip, mannskap og proviant til rådvelde for kongen, som var staten. Kring 1200 vart dette naturaliakravet bytt ut med ein fast skatt, som hundre år seinare vart til ein fast skatt på eigedom. Leidangskostnaden, som var ein forsvarsskatt, vart til ein vanleg statsskatt, som vart innkravd også om skipa låg i hamn.

Statar med eit sterkare ryttarvesen enn vi hadde, hadde same utviklinga. Der var det den fullt utstyrte hesten, med våpen, ryttar og proviant, som var kostnaden eit lokalsamfunn skulle bere.

Rolla til staten er eit politisk stridsspørsmål i alle samfunn. For nokre tiår sidan var den norske staten ein stor industriherre, under stor strid. No er det tona ned. Staten er stor eigar i nokre såkalla nøkkelbedrifter, men det er ingen stor entusiasme for å gå vidare på denne vegen. I USA er vektlegginga av statsrolla eit av dei store skilja mellom dei to store partia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement