Sola eller månen?

Solnedgang bak Giza-pyramiden og Nilen i nærleiken av Kairo.
Solnedgang bak Giza-pyramiden og Nilen i nærleiken av Kairo.
Publisert

Sola og månen er dei viktigaste lyskjeldene våre. Sola sender oss lys og varme om dagen, medan månen reflekterer sollyset til oss om natta. Månen er kald og har lite varme å gi bort. Stjernene er langt borte. Lyset fortel at dei er der. Utover det er lyset deira til lita nytte.

Samtidig ordnar dei livet vårt. Sola er ei stabil ordensdame med fast rute. Dagleg vandrar ho over himmelen, frå aust til vest, og årleg bytter ho årstider, i alle fall hos oss.

Månen, derimot, er meir lunefull og uregjerleg. Hans rute på himmelen er meir varierande og skiftande. Hans skiftande luner har fått plass i språket. Om ein er månesjuk, har ein problem med sinnet. Engelskmenn med slike problem er lunatics, oppkalla etter det latinske månenamnet, luna.

Dei fleste kulturar har bygt sola og månen, livgjevaren og lysgjevaren, inn i religionen sin.

I vår eiga urforteljing, Bibelens skapingssoge, er det å skape lys Guds første gjerning. Jorda var aud og tom, og det store mørket låg over det store djupet. «Då sa Gud: Det vert ljos. So vart det ljos. Og Gud såg at ljoset var godt. Og Gud skilde ljoset frå mørkret. Og Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, første dagen.»

Då Bibelen ved Luthers hjelp braut ut av latinen og kom til å bli med å forme folkespråka, måtte også Bibelens Gud, Jehova, byrje å snakke folkespråk. Og Guds første ord på norsk, i tredje verset på første side av Det gamle testamentet, vart då: «Bli lys!» I Luthers tyske bibel: «Es werde licht!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement