Soga om Ulvestad

Martin Ulvestad (1865–1942).
Martin Ulvestad (1865–1942).
Publisert

Martin Ulvestad, døypt Ole Johannes Martinus, utvandra frå Volda til Amerika 23 år gamal i 1888. Han fekk ikkje vidare utdanning etter konfirmasjonen, men presten hadde sagt at han hadde eit særskilt godt hovud. Han vart interessert i grammatikk og historie. I Amerika skreiv han fleire bøker, Selvhjælp i engelsk, ordbøker og anna, men det viktigaste var arbeidet om norske utvandrarar. Hovudverket Nordmændene i Amerika kom i 1907–13. For dette arbeidet vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Den fyrste kona hans, tenestejenta Gjertrud Myklebust frå Nordfjordeid, døydde tidleg, og han gifta seg på nytt i 1901 med kusina hennar, Hannah Eriksdatter Ous. Dei levde i fattigslege kår og fekk fem born. Om arbeidet med utvandrarhistoria sa han: «Det har vært haardt og ulønnet men jeg har prøvet at gjøre noget til gagn for vort folk.»

Sonen Olaf Ivan Ulvestad vart fødd på vestkysten, utanfor Seattle, i 1912. I dei harde 1930-åra drog den arbeidslause, men kvikke unge mannen til New York, der han kunne tena litt pengar på lynsjakk og spesialiteten blind­sjakksimultan. I 1946 spela han i Moskva for det amerikanske landslaget i prestisjeoppgjeret mot Sovjet med tilskodarar i tusental. Ulvestad gjorde ein god figur med éin siger og eitt tap mot det unge geniet David Bronstein, som i 1951 skulle spela 12–12 i VM-kampen mot Botvinnik.

Olaf Ulvestad hadde tre havarerte ekteskap i ei tid då det var vanskeleg å leva som sjakkspelar. I sjakkmiljøet var han godt likt for sjølvironien sin: «Ein må ikkje vera galen for å spela sjakk, men det hjelper», sa han. Ein god ven var latviaren Viktors Pupols, som flykta til USA etter krigen og vann eit kjent parti mot Bobby Fischer i 1955. Ulvestad og Pupols vart eit munnrapt radarpar som ingen kunne målbinda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement