Når me seier ja takk til ein kaffiskvett, får me gjerne ein full kaffikopp, ikkje ein tom kopp med ein slant kaffi på botnen. Når me hoppar i vassdammane so skvetten står, kan væskemengda vera endå større, men når me græt ein skvett, er det helst tale om nokre dropar. Ein skvett er soleis ikkje ei klårt avgrensa måleining. Likevel veit me godt kva ein skvett er. Me veit òg at dette ordtaket er inne på noko: «Ein liten skvett er betre enn inkje vått.»
Ivar Aasen skriv at skvett vert nytta i tydingane ‘en udsprøitet Vandstraale, ogsaa om en liden Regnbyge; en liden Slump Vædske; en pludselig Skræk’ (or Norsk Ordbog). Den siste tydinga skil seg frå dei hine, og det er ikkje godt å seia presist korleis ho har vakse fram. Skvett kjem av verbet skvetta, som opphavleg var eit ljodhermande ord. Me finn ikkje skvett-orda i norrøne kjelder, men dei ter seg i alle dei nordiske måla og kan vera rett gamle likevel. Det har òg vore vanleg å nytta skvett og skvetta om skvatrande fuglelåt (jf. buskskvett, steinskvett). Om desse skvett-orda er dei same som dei som har med plask og sprut å gjera, er uklårt. Verbet skvetta (‘spruta, spretta’) viser i alle fall til noko som fyk og kjem brått på. Kan henda er det difor me brukar skvetta og skvett om å få ein støkk? Nokre har elles meint at den tydinga kan koma av påverknad frå kveppa.
Substantivet skvett kan òg tyda ‘reddhare’, og alle ætter har visst ein slik skvetten person: «D’er skvett i kvar ætt.» Me kan bruka adjektivet skvetten til å målbera at einkvan er djerv, men då lyt me ha med ei nekting: «Ho der er ikkje skvetten!» Nokre skvett kanskje når dei høyrer nokon blanda dei to skvetta-verba våre. Skiljet mellom dei er nok på veg ut, men regelen er at det sterke verbet (skvett–skvatt–skvotte) ikkje kan ha eit (direkte) objekt knytt til seg, medan det linne verbet (a-verb, e-verb eller blanda bøying) tek objekt, jamfør desse døma: «Sjøen skvett over ripa.» «Eg skvatt unna.» «Dei skvetter vatn på gåsa.» «Ungen skvette saus på golvet.» Det linne skvetta-verbet vert òg nytta om vasslating: «Bikkja skvetter på kvar lyktestolpe.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.