Kunnskap
Skrantesjuke
Det er viktig at skrantesjuke hos villrein ikkje får utvikle seg til ein dødeleg epidemi, slik vi har sett hos ville hjortedyr i USA. I 2017 vart desse villreinane på Breistølen i Lærdal felte.
Foto: Marit Hommedal / NTB
I mars 2016 døydde ei tre år gamal reinsdyrsimle i Nordfjella. Etter det blir livet for den norske villreinen truleg aldri heilt som før. Denne vinterkvite vårdagen var eit lag med forskarar på oppdrag for å radiomerke villrein frå helikopter, men ei sjuk simle skar vekk frå flokken og fall om. Dei gjekk bort til dyret, som låg og sleva, heilt ute av stand til å røre seg. Ho døydde kort tid seinare.
Prøvene frå hjernen og lymfeknutane viste at skrantesjuka som hadde herja hos ville og tamme hjortedyr i USA i fleire tiår, no var påvist for første gong i Europa, og for første gong hos reinsdyr.
Epidemi
Skal vi lære om historia til skrantesjuke hos hjortedyr, er det best å starte med ein tur til USA, der skrantesjuka vart diagnostisert første gong i 1967, på ein farm i Colorado der dei dreiv med fôringsforsøk på hjort i hegn. Mange tiår seinare er sjukdomen spreidd til ei rekkje ville og tamme hjortebestandar i 36 delstatar i USA og fire provinsar i Canada. Styresmaktene bruker milliardar på forsking og overvaking. Likevel er det område der opptil tre firedelar av dyra er smitta.
Auka dødsrate hos vaksne hodyr fører til færre kalvar og dermed minkande bestand. At det enno ikkje er noko som tyder på smitte frå hjortedyr til menneske, betyr ikkje at det i framtida ikkje kan oppstå nye og meir aggressive variantar av sjukdomen. Og om viltkjøtet blir klassifisert som helsefarleg, vil det ha dramatiske konsekvensar for både jakttradisjonar og bruk av viltkjøt og for framtida til dei som driv hjortefarm.
Cellesøppel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.