Sjokkbylgjer på bylgjelengd

Publisert

Mange kjende ei bylgje av glede då den grøne bylgja tok til å breia seg. Dei som kastar seg på denne bylgja, er likevel ikkje trygge på siger: På same måte som spelet kan bylgja att og fram på handballbana, kan folkemeininga snu seg hit og dit. Me veit heller ikkje om den grøne bylgja gjev færre hetebylgjer. Diskusjonane går i høge bylgjer, og jamvel sjøvane folk kan verta øre av all denne bylgjegangen. Men er det fleire bylgjer no enn før?

Det ser i alle fall ut til at bruken av ordet bylgje har auka. På 1800-talet var bylgje sjeldhøyrt i norsk, om me skal tru Ivar Aasen. I Norsk Ordbog (1873) skriv han beint ut at bylgje er lite i bruk, og at folk heller seier båre, alde, våg eller sjø. Me finn ingen samansetjingar med bylgje i ordboka, og verbet bylgja står heller ikkje der. Men verbet båra («danne Bølger») er med, og ordboka inneheld òg ei rad samansetjingar med båre, som båredal, båretopp, bårestill og bårestor. Ordet båre er framleis vanleg i norsk, men bylgje har òg vorte vanleg. Kanskje det kjem av påverknad frå dansk og bokmål, der bølge lenge har vore ei vanleg nemning for ‘kvelvd rygg på vassyte’?

Bylgje er i alle fall ikkje eit innlånt ord. Det er eit arveord (norr. bylgja) som ter seg i alle dei nærskylde grannemåla våre, jamfør islandsk og færøysk bylgja, svensk bölja og – som nemnt – dansk bølge. Bulge har vore nytta i tysk, men svingar seg sjeldan i dag. Engelsk billow (‘bylgje’) er lånt frå nordisk. Grunntydinga til bylgje er ‘noko svellande’, og det rimar bra: Ei bylgje er mestsom ei vassmengd som lyfter seg og rullar bortetter. Mange av dei bylgjande orda og vendingane våre har med vatn å gjera, jamfør «det var storm og høge bylgjer», «båten vart borte i ein bylgjedal», «raset laga ei flodbylgje».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement