Sjakkfamilien«Vi er ein familie», er mottoet til verdsjakkforbundet FIDE. Ein korrupt mafialiknande familie av kjeltringar, kan

Berge Østenstad har åtte NM-titlar.
Berge Østenstad har åtte NM-titlar.
Publisert

«Vi er ein familie», er mottoet til verdsjakkforbundet FIDE. Ein korrupt mafialiknande familie av kjeltringar, kan FIDE-sekretariatet leggja til. Men i presidentvalet til hausten får vi om ikkje anna ein ny president for fyrste gong sidan Kirsan Iljumzjinov vart vald for eit halvt liv i 1995. Iljumzjinov, frå den russiske republikken Kalmykia, har ikkje lenger støtte frå Putin og russarane.

Heime i Noreg byrjar landsturneringa, den eigenlege noregsmeisterskapen, i Sarpsborg i dag. Turneringa varer i over ei veke og er den viktigaste familiesamlinga i Sjakk-Noreg. Noko som gjer sjakk til ein unik sport, er korleis ein kan ta del i konkurransar på ganske høgt nivå i både låg og høg alder. Kan henda er dette eit argument for at sjakk ikkje er sport, men kunst eller vitskap. Kor som er, til Sarpsborg kjem dei gamle rekordjegerane. Og eg er ein av dei.

Eg debuterte i eliteklassen, det høgste nivået i landsturneringa, i 1988. Dei siste åra har eg tenkt at trettiårsjubileet kunne vera noko å sjå fram mot. Så eg stiller til start, rangert som nummer 18 av 22. Men det kjem òg andre veteranar til Sarpsborg. Stormeister Berge Østenstad (53) frå Asker har vunne eliteklassen åtte (!) gonger, fyrste gongen i 1984 og siste i 2011. Eit par steinkast unna i den same bygda voks Simen Agdestein (51) opp. Han vann eliteklassen fyrste gongen i 1982, 15 år gamal, og tok den sjuande kongepokalen sin i 2005.

I den andre enden av aldersskalaen kjem mellom anna juniorverdsmeister Aryan Tari (19) og eit par tenåringar frå Tromsø. Eg likar å spela mot juniorane. Slike oppgjer vert alltid ein idékamp. Juniorane er kreative, overflatiske og naive (med unnatak av juniorverdsmeisteren), medan veteranane er langsame, djupe og ottefulle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement