JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Ukrainske geni

Lina Kostenko, fødd i 1930, er utan tvil den fremste poeten i Ukraina.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lina Kostenko (94) bur framleis i Kyiv. Foto frå 2006.

Foto via Wikimedia Commons

2472
20240607
2472
20240607

Er det noko linakostenkosk over Vasyl Ivantsjuk? Eg skvatt til over dette abrakadabra-adjektivet, kva er dette for noko tull? Ho vart fødd 18. mars, han 19. mars, fekk eg vita vidare. Dette utrulege astrologiske faktum imponerte meg ikkje. Men forfattaren gav seg ikkje, og til slutt vart eg overtydd. To ukrainske geni, dei største i vår tid.

Lina Kostenko, fødd i 1930, er utan tvil den fremste poeten i Ukraina. Då eg byrja læra meg ukrainsk, skjøna eg snøgt kor viktig ho er for alle ukrainarar. Poesi er vanskeleg for utlendingar, men det hjelper at dikta ofte er stutte.

Om eg skal lesa ei heil bok på ukrainsk, må det nesten vera ei sjakkbok. Eg les no «Dei to verdene til Vasyl Ivantsjuk» av Miron Kozak (2019). Dei fleste vil vera samde i at dei tre store nolevande sjakkgenia er Carlsen, Kasparov og Ivantsjuk. Kozak freistar skjøna kva som gjer særlingen frå Lviv så genial. Argumenta vert jamt krydra med sitat frå poeten, som ein trygt kan kalla genial.

Men er det noko poeng å trekkja inn Kostenko i ei sjakkbok? Skal eg analysera Carlsen gjennom Olav H. Hauge? Eller Rolf Jacobsen? Eg tykte fyrst parallellen var litt parodisk, før brikkene fall på plass. Det viser seg at Kostenko ofte skriv om sjakk. For ei openberring det var å sjå sjakkpoesien hennar!

Alt i 1961 kom eit versedrama om to munkar som spelar sjakk i smug. Her er sjakken ikkje berre med sånn en passant, alt krinsar rundt sjakken. Så har ho diktet «Steinitz-gambiten», som handlar om den paradoksale lagnaden til den fyrste verdsmeisteren Wilhelm Steinitz.

Kostenko skriv om Steinitz, posisjonsspelets far, i heilt presise ordelag. Korleis kunne den seriøse modernisten finna opp ei romantisk sjakkopning, ein gambit? Det kunne ikkje enda godt: Han tapte partiet og døydde som psykiatrisk pasient (sann historie).

Etter det russiske åtaket på Georgia i 2008 publiserte Kostenko eit sterkt dikt der Georgia er eit sjakkbrett. Tårn, fotsoldatar, hestar vert ofra for kongen. Men heltinna er ei jente som minner om prinsesse Tina, mytologisert i eit georgisk helteepos frå 1100-talet. Kven er eigenleg denne jenta, dronninga på sjakkbrettet til Kostenko anno 2008? I ei bok frå 2016 seier poeten at ho ser Georgia gjennom den sterke tradisjonen for kvinnesjakk i landet. Heltinna har fysiske karaktertrekk frå namngjevne georgiske sjakkstormeistrar.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonalmeister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis