Sjakk
Rått parti
Viktor Sjenderovitsj, ein av dei fremste satirikarane i vår tid, fylte 60 år i førre veke.
Foto: Yunakov / Wikipedia
Eg skjønar ikkje korleis han enno er i live. Venene Politkovskaja og Nemtsov er døde. Han er den mest interessante kommentatoren i Russland, men har ikkje sloppe til på TV etter at han vart skandaløst kjend for satireprogramma sine i 1990-åra. Han har ein særeigen stil som er ei blanding av Walid al-Kubaisi, Jon Hustad og systrene Botheim. Kan henda likar eg Viktor Sjenderovitsj så godt av di han heile tida kjem med sjakkmetaforar og allegoriar. Slik er det å vera ein russisk opposisjonell: «Medan ein gruvlar over djupe trekk i siciliansk opning, slår motstandaren deg i hovudet med sjakkbrettet.»
Her er ein kortversjon av ei (aktuell?) forteljing han skreiv i Sovjettida, i 1989:
Korleis Antosjkin og Kolobov spela sjakk
Antosjkin spela alltid svart og byrja partiet utan dronning. Når han spurde om å få spela kvit, la Kolobov den hårete handa si over munnen hans og gav han eit kraftig dytt. Når Antosjkin kom seg opp på beina, fjerna Kolobov begge tårna til svart frå brettet, eitt tårn med høgre hand og eitt tårn med venstre hand.
Antosjkin tenkte alltid lenge før han gjorde trekket sitt. Om Kolobov ikkje likte trekket, slo han Antosjkin hardt i andletet og kravde at han skulle gjera eit anna trekk. Sjølv tenkte ikkje Kolobov over trekka sine. Han flytta alltid med éin gong, som regel to trekk om gongen. Om Antosjkin protesterte, kom to av venene til Kolobov fram frå kulissene. Dei tok tak i armar og bein og slengde Antosjkin i veggen.
Etter om lag ti trekk spurde Kolobov som regel om Antosjkin ville gje opp partiet. Om han ikkje gav seg, gjorde Kolobov eit trekk med hesten i en L-form eller som ein annan bokstav frå alfabetet. Antosjkin fekk ikkje lov til å slå ut hesten til Kolobov, då vart han sparka på leggen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.