Sjakk
Posten kjem ikkje lenger
Olaf Barda var ein sterk postsjakkspelar, noregsmeister i 1946 og 1949/50, og nummer 4 i første VM i postsjakk 1950–1953.
Ukjend fotograf / Nasjonalbiblioteket
Postsjakk gav ein gong i tida meining, som Jon Fosse skildrar i romanen Eg er ein annan frå 2020:
«Sidan han [Sigve] ikkje hadde nokon å spela sjakk med byrja han å spela noko som heiter postsjakk, det vil seia at han kvar fredag postlegg eit brev med eit sjakktrekk og kvar onsdag får han eit brev frå den han spelar imot.»
Eit postsjakkparti tek sjølvsagt tid. Som ein spelar sa ein gong: «Min fyrste bart grodde fram mellom trekk 15 og 16.»
Postsjakken trivst dårleg i vår tid. Den jamne postsjakkspelaren kallar seg no «fjernsjakkspelar» og sender trekka via internett, men det finst nokre entusiastar som framleis nyttar brev og porto. Ein av dei, med 50 års røynsle som postsjakkdomar, fortalde meg i ei gravferd i haust at Posten ikkje lenger er til å lita på. Dei klassiske postsjakkspelarane taper partia på tid!
Problema står i kø for postsjakken. Som lesaren skjønar, er det umogleg å hindra «juks» i postsjakk og fjernsjakk. Det finst berre éin utveg: Alt er lov! Alle på høgt nivå nyttar difor utan blygsle datamaskinar som analyserer døgeret rundt. Problemet er at nesten alle partia endar remis, då ingen av spelarane gjer feil. Den norske verdsmeisteren frå 2006, bergensaren Ivar Bern, har difor slutta med hobbyen og lagt konvoluttane i eska.
Den islandske forfattarkollegaen til Fosse Jón Kalman Stefánsson er òg innom postsjakk i romanen Sommerlys. Og så kommer natten (norsk omsetjing frå 2018): Mellom dei 20–30 figurane i boka står Brandur på utsida av det sosiale spelet. Han kan trøysta seg med at han er nær å vinna islandsmeisterskapen i postsjakk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.