Sjakk
Opportunistane
Bogoljubov og Alekhin møttest til VM-oppgjer i Berlin 1929.
Dei ville helst berre spela sjakk, men levde i ei tid då verdshistoria var nådelaus. Det gjekk ikkje bra for prestesonen Jefim Bogoljubov frå Kyiv og adelsguten Aleksandr Alekhin frå Moskva.
Under turneringa i tyske Manheim i 1914 braut den fyrste verdskrigen ut, og spelarane frå Tsar-Russland vart internerte. Den fyrste tida i fangenskap var spartansk, utan bøker eller sjakkbrett. Alekhin og Bogoljubov hadde ikkje noko val: Dei spela blindsjakk mot kvarandre timar i strekk på eit nivå ein ikkje hadde sett før.
Alekhin kom seg heim til Russland, noko han skulle angra på då han nesten miste livet under borgarkrigen, medan Bogoljubov vart verande i tysk husarrest. Slik kunne Bogoljubov trena sjakk i fire lange år, dei beste åra i hans liv. Då han kunne reisa fritt i 1918, var han klar for å kjempa om verdsmeistertittelen.
Bogoljubov lika seg i Tyskland, der han gifta seg. Fyrst i 1924 sette han seg ved sjakkbrettet i Sovjetunionen. Bogoljubov var smigra av sjakksatsinga til kommunistane og sa ja til sovjetisk statsborgarskap. Han vann sovjetmeisterskapen suverent i både 1924 og 1925.
Men attende hos familien i Tyskland fekk han problem med det raude sovjetiske passet og vart difor tysk statsborgar frå 1926. Året etter vart den nye franskmannen, den «kvite» emigranten Alekhin, verdsmeister i sjakk. I to VM-kampar i 1929 og 1934 utfordra Bogoljubov den gamle blindsjakkpartnaren, men tapte.
For båe to vart den andre verdskrigen ein moralsk katastrofe. Bogoljubov melde seg inn i nazipartiet og arbeidde som ukrainsk/russisk tolk for tyskarane i Polen. Alekhin var aktiv nazist og skreiv antisemittiske artiklar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.