Sjakk

Månen og Carlsen

I det sjette VM-partiet mellom Carlsen og Nepomnjasjtsjij 3. desember 2021 ser ein at forteljinga frå 2015 var ein sann draum: Etter fem remisar vann Carlsen med ein ny rekord då Nepomnjasjtsjij kollapsa etter 136 trekk og nesten åtte timar spel.
I det sjette VM-partiet mellom Carlsen og Nepomnjasjtsjij 3. desember 2021 ser ein at forteljinga frå 2015 var ein sann draum: Etter fem remisar vann Carlsen med ein ny rekord då Nepomnjasjtsjij kollapsa etter 136 trekk og nesten åtte timar spel.
Publisert

Den spanske stormeisteren Miguel Illescas, kjend som sekundant for Vladimir Kramnik då sistnemnde tok VM-trona frå Garri Kasparov i 2000, dikta ei lita framtidshistorie i 2015, publisert i Peon de Rey nr. 115. I grove trekk går ho slik:

Året er 2250. Eit overjordisk vesen kjem til Jorda og utfordrar jordbuarane i sjakk, eit meiningsløyst spel som hadde døydd ut på profesjonelt nivå nokre hundre år tidlegare. Den framande seier han vil ta med seg Månen som premie heim til galaksen sin om han vinn.

Jordbuarane går til dei historiske kjeldene og finn ut at dei må gjenoppliva dei tre beste i menneskehistoria: Fischer (rekonstruert med DNA frå eit hårstrå funne i arkivet etter Spasskij), Kasparov og Carlsen. Alle tre er visse på at dei vil slå den framande. Carlsen hevdar at den framande «syg» (på spansk chupa) når han kjem ut av teorien. (Forteljaren presiserer at Carlsen på norsk eigenleg nytta eit mindre vulgært uttrykk.)

Kor som er, fyrst ute er Fischer og Kasparov, som båe går til åtak på den framande. Båe partia endar remis etter at den framande verjar seg meisterleg. Så er det Carlsen.

Det er ei elektrisk spaning i salen. Den framande kjenner ei uvanleg stråling og krev at partiet vert spela utan publikum, bak lukka dører. Partiet held fram i time etter time. Spaninga stig.

Etter ti timar opnar døra seg. Carlsen har reist seg frå stolen, men motstandaren er borte. «Kva skjedde? Kvar er han?» spør alle. Carlsen svarar: «Det var noko han måtte fiksa i Andromedagalaksen, så han ville ikkje spela ferdig.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement