Kven sløkkjer ljoset i Russland?
Kasparov skreiv alt i 2015 boka «Winter Is Coming».

Lenin sa: «Bli ljos!». Og det vart ljos. Det var den store elektrifiseringa av det største landet i verda. Men no er framtida bekmørk. Sistemann som forlèt landet, må hugsa å sløkkja ljoset.
Eg har mist kontakten med alle. Og det er ganske mange. I 35 år kopla eg sjakk og russisk. Det var sjakk og Russland og Russland og sjakk.
Eg har (hadde) tre verkeleg nære vener som framleis er i Russland. Dei er særs sympatiske. Dei har vore i Noreg fleire gonger, og eg har vitja dei i Russland. Dei er moderne menneske frå St. Petersburg og Moskva og klarer seg ganske godt økonomisk, også i dag, vil eg tru. Dei hugsar sovjettida og var fulle av optimisme på vegner av det nye Russland.
Ingeniøren. Han er intelligent, men ikkje intellektuell. Han er gatesmart og gjorde karriere på slutten av 90-talet, då ein kunne tena store pengar. Han er raus med venene sine, noko eg har hatt glede av, til dømes då eg var trulovar i bryllaupet hans. Han støtta entusiastisk krigane i Tsjetsjenia. Han ser rett inn i Putins mørke sjel, men han stør likevel regimet i alt.
Lingvisten. Han er briljant. Han ignorerer den statlege propagandaen, som han ser rett igjennom, men får med seg alt likevel. Han ser på Putin som ein nyttig idiot for ein større idé. Lingvisten er ein russisk nasjonalist. Eg er viss på at han stør krigen mot Ukraina med intellektuelle argument.
Stormeisteren. Han er snøgg i hovudet, variantane og argumenta kjem som ei mitraljøse. Han har ein ironisk distanse til alt, men var ein av dei fyrste sjakkspelarane som gjekk offentleg ut med full støtte til «spesialoperasjonen».
Eg har ikkje høyrt frå desse tre etter 24. februar 2022. Eg har heller ikkje teke kontakt. Det er ikkje noko poeng.
Eg har ein fjerde god ven, som er både språkforskar og sjakkspelar, ein som faktisk har skamkjensle.
Sjakklingvisten. I fjor haust skreiv han kryptisk til meg med sjakkmetaforar på dansk (!) om korleis kongen til slutt vert matt. Han nytta ikkje namnet Putin, men kommenterte elegant faenskapen som om det var eit «slutspil i skak».
Det er tyst frå sjakklingvisten no. Det er ikkje meir å seia, det er ikkje von. Men eg trur ikkje han vil få problem etter denne spalta. Russisk etterretning skjønar nok heller ikkje nynorsk.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.