JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Ei språkreise

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Privat

Foto: Privat

2461
20210521
2461
20210521

Ein gong for lenge sidan oppdaga eg språkpedagogen Ilja Frank medan eg surfa på internett. Den russiske polyglotten (ein som kan eit dusin språk eller fleire) har eit genialt enkelt prinsipp: Ein hugsar betre det som er interessant.

Metoden til Frank for å læra nye språk er å lesa spanande tekstar på framandspråket frå dag éin. Spørsmålet er: Kva er du interessert i? Her kjem språkreisa mi:

Då eg var ni–ti år gamal, fekk eg ein bunke sjakkbøker frå samlinga til onkelen min, som hadde reist til Amerika. Sjakkbøkene hans frå 1960-talet var austtyske. Tysk var sjakkspråket den gongen. Så eg byrja studera opningsteorien: «Weiß ist am Zug…». Eg elska innhaldet og fekk kontroll på sjakktrekka.

Nokre år seinare fekk eg Spillet i mitt liv av André Bjerke frå ei tante. Det var den fyrste vaksenboka eg slukte på norsk. Like etter fann eg i bokhylla heime Sjakknovelle av Stefan Zweig i omsetjing. Eg var heilt i mi eiga verd medan eg las Bjerke og Zweig. Det var mitt møte med vaksenverda.

Så sende onkelen min frå Amerika ei ny bok i posten: Searching for Bobby Fischer, ei far–son-forteljing av sjakkpappaen Fred Waitzkin. Det var fyrste gongen eg las ei engelsk vaksenbok utan å tenkja over språket. Eg var altfor fascinert av sjakkreisa til sonen Josh Waitzkin til å bry meg med ukjende gloser.

Etter gymnaset byrja eg studera fransk. Det var kjekt med Balzac og Proust, sjølvsagt, men for ei lukke det var å oppdaga at ein kunne kjøpa sjakktidsskriftet Europe Échecs i franske aviskioskar. Eg slukte kvart ord, og snøgt var eg fullt integrert i det franske sjakkmiljøet.

Så byrja eg studera russisk. Eg las Tsjekhov langsamt medan eg leigde eit møblert husvære av ein tidlegare noregsmeister i sjakk. For ei glede det var då eg ein dag fann ei ekte russisk sjakkbok i bokhylla hans, ei turneringsbok frå 1979 med kommentarar av Karpov og Tal. Eg noterte ned – og vart hugteken i – kvart einaste sjakkuttrykk.

Litt tysk vaksenopplæring må ein òg ha, så her nytta eg metoden og parallelltekstane til Frank, som gav meg Schachnovelle i tysk original med ord-til-ord-omsetjing til russisk på dei fyrste sidene. Etter kvart vert det mindre omsetjing, og til slutt les ein Schachnovelle på eiga hand, av di ein er fascinert av historia.

Endeleg, for ti år sidan, lærte eg eit siste språk gjennom sjakken: nynorsk! Men denne gongen skriv eg tekstane sjølv. Det er òg ein interessant metode.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis