Frå sjakkverda

Simenons triks

Publisert Sist oppdatert

Mange boklesande nordmenn har hatt ein periode med Maigret. Det er lite sjakk i krimromanane med Paris-etterforskaren, med unnatak av bok nr. 58 frå 1962 (Maigret og den prektige familien i norsk omsetjing), der ein mann døyr i ein pause under eit parti mot svigersonen.

Forfattaren, belgiske Georges Simenon (1903-1989), nyttar ikkje sjakkmotivet noko særleg i etterforskinga til Jules Maigret. Det er ikkje mykje å ta tak i, men noko har vi jo: 32 brikker, 64 felt, eit bord og eit par stolar… Eg har lenge interessert meg for korleis skjønnlitterære forfattarar nyttar sjakk-kulissane. Den interessa deler eg med sjakk-aficionado Mariano García Díez frå Madrid, som gav meg ideen til denne spalta.

Simenon tente seg rik på Maigret, men la sjela si meir i dei såkalla psykologiske romanane. I Mannen som så etter togene (original frå 1938; norsk omsetjing 1977) står sjakk heilt sentralt.

Hovudpersonen Kees Popinga lever eit prektig familie- og jobbliv i Groningen, med ein høveleg hobby: sjakk ein gong i veka. Popinga kan alle togtidene utanåt, kan henda drøymer han likevel om å reisa frå alt…? Ei psykologisk viktig scene går føre seg i sjakkbaren. Popinga er storkjefta og hoverer undervegs i eit parti, som endar med tap. Motstandaren har teke med sine eigne brikker i elfenbein, eit sett med stor affeksjonsverdi for eigaren. Som hemn for tapet tek Popinga diskret ein elfenbeinslaupar og senkar han ned i ølkruset sitt. Tjue sjakkspelarar og ein kelner leiter etter lauparen, men han kjem aldri til rette.

Popinga tek toget til Paris og vert drapsmann (kvifor er ikkje så viktig for sjakkhistoria mi). På flukt i Paris spelar hovudpersonen «sjakk» mot etterforskaren (ikkje Maigret!). Det gjeld å ikkje gjera same «trekk» to gonger, ikkje etterlata seg spor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement