JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sex i tempelet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Koblersken», eit målarstykke av Dirck van Baburen.

4384
20170505
4384
20170505

I ein jernbanedebatt i den danske riksdagen hevda Karl Kristian Steincke at jernbanedrifta var den vanskelegaste drifta å administrere, nest etter kjønnsdrifta.

At jernbanedrifta er vanskeleg å halde på skjenene, ser vi dagleg. Blar vi i historiebøkene, ser vi snart at kjønnsdrifta også har stelt til mykje ugreie, kongesøner i hytt og vêr og meir til. Dei fleste samfunn har prøvt å lage reglar som kjønnsdrifta skal tilpasse seg, for å få ein viss orden på barnefødslar og den slags. Det ser ut til at få samfunn har lukkast særleg bra med desse forsøka. Kjønnsdrifta er ikkje lett å temje.

Eit merkeleg innslag i kjønnslivets historie er tempelprostitusjonen. Dette fenomenet er kjent langt bakover i historia, og vart lovregulert alt i Hammurabis lover eit par tusenår før Kristi fødsel. Tempelprostitusjon inneber at kvinner, og av og til menn, er knytte til tempelet, der dei seksuelle tenestene deira er ein del av det kultiske livet ved tempelet, definerer leksikonet.

Skikken var utbreidd i dei gamle kulturane, som i Sumer og Mesopotamia. Også ved det jødiske tempelet i Jerusalem var det tempelprostituerte, i alle fall fram til eksilet i Babylon, trass i at profetane var harde i sin dom over det som hende. Dei tempelprostituerte i hinduismen blir kalla «tenarinner for gudane», og dei blir omtala med stor respekt i den hinduiske litteraturen.

I romanen Sibyllan av Pär Lagerkvist blir tempelprestinna, sibylla, nærast valdteken på altaret av ein gud i bukkeskapnad. For henne blir det ei religiøs oppleving. I mykje historie ser det ut til å vere sterke band mellom religion og seksualitet. Så kan ein fundere over grunnane til det.

Kan éi forklaring vere at seksualiteten – forplantinga, der nytt liv blir skapt – er ein sentral del av sjølve livsmysteriet, som alle religionar er opptekne av? Å forklare livets mange mysterium er ei hovudoppgåve for alle religionar. Eller kan forklaringa vere at dei orgastiske, ekstatiske opplevingane kjønnslivet kan gje, minner om dei ekstatiske opplevingane ein del religiøs praksis også gjev, at begge slag opplevingar sprengjer dagleglivets grenser og gjev tilgang til ein annan og gåtefull røyndom? Blir religionen og seksualiteten opplevd å vere erkjenningsslektningar, som kastar lys inn i det utilgjengelege og ukjende? Då blir prostitusjonen og kjønnslivet i tempelet ein del av gudstenesta, som leksikonet seier.

I boka om Russlands historie fortel Halvor Tjønn om dødsrituala hos volgabulgararane, som budde i dagens Tatarstan. Den arabiske rettslærde Ibn Faldan var på ei reise der kring år 920, og vart vitne til dødsrituala ved hovdingens død. Og her vart seksualiteten mobilisert. Ritane var kompliserte. Ein av trælane, gjerne ei kvinne, vart beden om å melde seg for å døy saman med hovdingen. Når så vart gjort, vart det sett vakter på henne for å passe på henne.

Så vart liket stelt til gravferda, med alt utstyr som høyrer til, som mat og våpen, medan den utvalde trælkvinna gjekk frå telt til telt, der ho låg med ein mann i kvart telt. Kvar av mennene sa då til henne: «Seg til herren din: Dette har eg gjort av kjærleik til deg!» Etter kvart fekk ho mykje å drikke. «Ho såg heilt forstyrra ut», skriv Ibn Faldan. No såg det ut til at ho ville kome seg bort frå det som hende, men ho vart tatt med makt og tvinga inn i teltet der den døde var lagd. No byrja mennene rundt teltet å lage eit svært bråk, slik at skrika hennar ikkje skulle høyrast. Dette vart gjort fordi dei andre trælkvinnene ikkje skulle bli skremde, slik at dei ikkje ville søkje døden saman med sin herre når hans tid kom.

Og så kom det groteske: Seks mann gjekk inn i teltet til den døde og den fulle trælkvinna som no var komen dit, og etter tur låg dei med henne. Når det var gjort, vart trælkvinna lagd ved sida av den døde, før ho vart drepen på rituelt vis.

No var den døde og trælkvinna hans lagde i eit skip, med alt dei skulle ha med seg til det neste livet, og rundt skipet var det lagt mykje treverk.

Påtenninga var også rituell. Ein splitter naken mann gjekk mot skipet med ein fakkel og tende på. Så kunne alle i gravfølgjet hjelpe til med å brenne dei døde.

Så langt Ibn Faldan. Og denne for oss bisarre og groteske skikken er kjend frå andre kjelder også.

Så måtte seksualiteten stå til teneste også når døden skulle markerast.

Han har i alle fall ei samansett og kompleks historie.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis