Ord om språk
Saft suse!
Teikning: May Linn Clement
Nokre driv radt med saftkoking no eller har gjort unna arbeidet og har lange rekkjer med saftflasker ståande. I varmen er det godt med eit glas saft eller ein saftis, og på kalde eller forkjølte dagar er varm solbærsaft tingen. Stundom hjelper safta so mykje at me slepp å ta hostesaft.
Trea har òg saft i seg, og ordet saft er nærskyldt to ord som viser til væska i tre og buskar: save (norr. safi) og sevje (avleitt av save). Saft er eit tolleg ungt ord. Det skal koma av gamalhøgtysk saf (‘plantesaft’).
Engelsk sap (‘sevje, saft’) høyrer òg til her. Ein teori er at desse germanske orda heng i hop med latin sapa (‘tjukk most’).
Nokre likar å gå og sava seg (skrapa og eta save). Safta lagar seg i trea om våren, og me har ei rad ordlag og samansette ord som viser til denne hendinga: «sevja stig el. går», sevjegang, sevjetid og det å sevja eller sevjeberkja (‘berkja når sevja gjer at borken går lett’). Mange kjenner desse linene frå «Fløytelåt» av Jakob Sande: «Selja står saftgrøn og sevjemjuk,/ kvistfri og ferdig til fløytebruk.»
Både save og sevje vert nytta biletleg om noko som finst eller strøymer i lekamen vår. Stundom tyder dei ‘vit’ («ha mykje save el. sevje i skolten»), andre gonger ‘livskraft, pågangsmot, evne’ («ho hadde sevje og vår i kroppen», «ha sevje i seg til å gjera noko»). Saft vert nytta på liknande vis, anten åleine eller i lag med rimordet kraft: «Det var saft og kraft i talen.» «Safta gjekk ut or laget tidleg i kampen.»
I tillegg til den biletlege safta og sevja i lekamen har me nokre handgripelege væsker, som magesaft, tarmsaft og – hald dykk fast – fittesaft. Ja, slike ord må nemnast i spalta, elles vert eg nedrend av lesarar som lurer på kvifor orda ikkje er nemnde. Det er no eingong slik at blanding av spytt og safter er eit særskilt interessant emne for mange.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.