Frå bridgeverda
Safiren
Omar Sharif (t.h.) og Gregory Peck spelar kort på settet til MacKenna’s Gold i 1969.
Foto via Wikimedia Commons
Det er ei velsigning for bridgen når det dukkar opp kjendisar som forelskar seg i spelet.
Omar Sharif (1932–2015) kom frå ein libanesisk melkittisk gresk-katolsk innvandrarfamilie i Alexandria, der faren dreiv handel med edle tresortar. Familien pleidde omgang med kong Farouk, som styrte Egypt fram til militærkuppet i 1952. Omars elegante mor spela kort med kongen.
Sharif tok utdanning innan matematikk og fysikk, men det var som skodespelar han tok verda med storm. Etter ein del år hovudsakleg i egyptiske filmar fekk han i 1962 si fyrste engelskspråklege rolle i det historiske eposet Lawrence of Arabia. Det gav han ein oscar for beste mannlege birolle.
Oscar fekk han òg for tittelrolla i filmatiseringa av Boris Pasternaks roman Doktor Zhivago i 1965. Delar av handlinga er lagd til Sibir; desse vinterlege scenene vart filma i Joensuu i Finland. Sharif skal ha frekventert bridgeklubben der. Finnane likte han og gav han tilnamnet «Safiiri» – ein edelstein av eit menneske, altså.
Sharif brukte store pengar på veddelaupshestar og i franske kasino, men det var bridge som var den største lidenskapen hans. I bridgeolympiaden i 1964 representerte han Dei sameina arabiske emirata; fire år seinare var han spelande kaptein på det egyptiske landslaget.
På 70-talet samla han dei største italienske stjernene på den tida til eit lag han kalla «The Circus». Sharifs sirkus reiste rundt i verda og spela profilerte kampar med formidabel pengeinnsats.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.