Religionen i politikken
Giftarmålet til Aleksander og Helena skildra i «Den illustrerte soga om Ivan den grusame», (1568–1576).
Den politiske og den religiøse makta har dansa ein seig og langvarig pardans gjennom historia. I Roma var Cæsar både statssjef og øvsteprest, pontifex maximus, den store brubyggjaren mellom gudane og menneska. Farao var sjølv gud, og i nokre hundreår var det rådande lære i Europa at kongen var konge av Guds nåde. Kongens makt kom frå Gud. Gjennom ein seig og langvarig prosess har den politiske og religiøse makta skilt lag, religionen er skild frå politikken. No fortel vi resten av verda at det overalt bør vere slik som hos oss, slik vi nyleg har laga det, at politikk og religion er, og skal vere, ulike univers. Gud har ingenting i politikken å gjere. Dette er i dag vår meining.
I denne lange pardansen har fyrstens personlege tru vore ei politisk sak med sterke politiske verknader. Dei engelske stuartane var katolikkar i eit protestantisk England. Det kom, på blodig vis, til å prege fleire tiår av engelsk historie. Karl Johan gjekk over til protestantismen då han vart svensk kronprins. Kona hans, Desiré, gjorde aldri det. Så vart ho heller aldri krona som norsk dronning. Paris er vel ei messe verd, sa den protestantiske Henrik av Navarra då han 23. juli 1593 gjekk over til katolisismen.
På slutten av 1300-talet var det to dominerande og rivaliserande stormakter i Aust-Europa, Moskvariket og Litauen. Dei hadde det vanskeleg med kvarandre, og Moskvariket trengde seg vestover, inn over litauisk område. Det vart ført forhandlingar, og det gjekk dårleg for Litauen. Halvor Tjønn skriv om dette i boka om framvoksteren av Russland. Det er ei fin bok, forresten.
Så vart det lansert ei løysing som skulle sikre freden og framtida: Jelena, dotter til storfyrst Ivan III av Moskva, skulle gifte seg med storfyrst Aleksander av Litauen. Dei to vart forlova, og avtale vart inngått. Litauen var taparen som måtte gje frå seg land.
Og så dukka religionen opp. Litauen var eit romersk-katolsk land, fyrsten også. Moskovittane var gresk-ortodokse, og forholdet mellom dei to kyrkjene var svært dårleg, nokså forgifta, prega av gjensidige skuldingar om vranglære. Difor kom det inn eit vilkår i avtalen som sa at det frå Ivans side ikkje ville bli tolt om Jelena sveik si gresk-katolske tru og gjekk over til den romersk-katolske, ikkje eingong om det skulle vere hennar eige ønske. Ivan kunne ikkje, og ville ikkje, risikere at dottera vart avvist i himmelporten, saman med alle vranglærarane.
Då brura vart henta i Moskva i januar 1495, vart det sett nye vilkår frå Ivan. Det måtte byggjast eit eige ortodoks gudshus for Jelena ved hoffet i Vilnius, hovudstaden i Litauen. Om Jelena måtte gå inn i eit romersk-katolsk gudshus, kunne det skje berre to gonger i den tida ho var der. Om svigermora bad henne med til kyrkje, måtte ho snu ved kyrkjedøra. For å sjå til at Helena etterlevde dette sende faren med henne 80 personar frå hoffet i Moskva, inkludert den ortodokse presten Foma.
Bryllaupet vart ei makaber framsyning, skriv Halvor Tjønn. Seremonien var lagd til Sankt Stanislav-katedralen i Vilnius. Biskopen i Vilnius sa fram dei tradisjonelle katolske bryllaupsformuleringane. Samtidig stod presten Foma ved sida av brura og utførte den ortodokse seremonien. Midt i dette surret greip både biskopen og brudgommen inn og prøvde å få Foma til å teie stille. Han nekta, og fullførte det ortodokse ritualet.
Så vart Jelena gift både romersk-katolsk og gresk-katolsk, på ei og same tid, slik at både politikken og gudstrua fekk sitt. Kva brureparet meinte om seremonien, veit vi ikkje.
Ekteskap kan ha mange slag startpunkt, med mange slag lagnader på vegen vidare frå dette startpunktet. Ekteskap der alt låg lukkeleg til rette, kan likevel ende i havari.
Alt tyder på at det gjekk bra med Aleksander og Helena. Historikarane ser ikkje bort frå at Ivan i Moskva kan ha hatt baktankar om at dottera skulle vere agenten hans i Vilnius, slik at han betre skulle vite kva som var tenkt og planlagt der. Slik rapportering er det ikkje spor etter. Ho ser ut til å ha vore lojal mot mannen sin. Kva ho i sitt eige sinn tenkte om dei evige spørsmåla, veit vi ikkje.
Det vi derimot veit, er at moskvariket voks fram til å bli det russiske storriket, medan Litauen med tida krympa og vart den baltiske småstaten vi i dag ser, ein småstat som, omsider, har greidd å kaste av seg det russiske åket.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?