Rasande rasfarleg

Publisert

«Ungdomen rasar; alderdomen tasar», seier ordtaket. Verbet tasa (‘tapa seg, veikna’) er kanskje ukjent for mange i dag, men rasa kjenner me. Me kan koma rasande, rasa rundt i bil, rasa i svevnen (tala i ørske) og rasa frå oss. Stundom er det gagn i slik rasing, men det hjelper lite å rasa mot styremaktene når ein vert teken av snøras.

Norrønt rasa vart nytta i tydinga ‘fara i veg, storma fram’. Tydinga ‘vera vreid’ (jf. «vera rasande», raseri) har kome inn seinare, truleg etter påverknad frå tysk rasen (‘vera frå seg av sinne’). Andre nærskylde ord er norrønt ras (‘bråhast, skunding, snøggleik’), ræsa (‘få på glid, lata renna’) og rás (‘laup; spor, far, veg; flokk’). Desse orda finst i norsk òg, til dømes er det nokre som nyttar rås når dei talar om krøterstigar, men ordet er endå meir kjent på Færøyane og Island, der rás vert nytta i tydinga ‘(radio-/fjernsyns-)kanal’. Dei største statlege radiokanalane på Island heiter rett og slett Rás 1 og Rás 2. Norrønt rás er elles eit av dei mange nordiske orda som sneik seg inn i engelsk i mellomalderen. Der fekk det forma race, og dette ordet har seinare kome inn att i norsk, jamfør rotterace og racerbil.

Folk som rasar, kan lett koma til å rasera blomebed, bygningar og jamvel heile byar, i alle fall om dei rasar villmann (‘går berserk’). Likevel ser det ikkje ut til å vera noko samband mellom rasa og rasera. Rasera er i ætt med radera, som har uvisst opphav, medan rasa kjem av ei germansk rot som truleg har grunntydinga ‘fara fram, renna av stad’. Rasa er heller ikkje i ætt med det omstridde substantivet rase (‘gruppe innanfor ei art; folkegruppe’). Sistnemnde skal koma av italiensk razza, som òg har uvisst opphav.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement