Punkt for punkt I dag skal få vera midtpunkt. Hovudregelen i denne spalta er at dei orda som kjem i brennpunktet, vert tøygde til brestepunktet og endå litt til, men sidan

Publisert

I dag skal punkt få vera midtpunkt. Hovudregelen i denne spalta er at dei orda som kjem i brennpunktet, vert tøygde til brestepunktet og endå litt til, men sidan punkt viser til ein stad utan utstrekning, er det vanskeleg å tøya det. Her finst likevel nokre ljospunkt: Me kan velta oss i ankepunkt, ytterpunkt og standpunktkarakterar – eller me kan sløyfa veltinga og springa rett til det springande punktet.

Me lyt i alle fall ta utgangspunkt i etymologien. Punkt har latinske røter, men ordet har vore med oss so lenge at me finn det i norrøne ordbøker (punktr), saman med punktéra og punkta (‘setja merke på, punktera, prikka’). Opphavet er det latinske verbet pungere (‘stikka’), som òg har gjeve oss orda punch og puncha (eig. ‘stikka eller slå hòl, gjennombora’) og poeng. Desse orda er rett nok komne til oss via andre språk, og det har prega dei på ymse vis. Me kan til dømes bruka poeng om ‘hovudmoment; slåande moment i ei forteljing’, og denne bruken skal vera påverka av fransk pointe (‘spiss; spitig utsegn’). Punkt og punktum er elles det same ordet, og me kan «setja punktum» både i bokstavleg og biletleg meining. Dessutan skil me mellom punktskrift og 8 punkts skrift.

Punktlege folk set nok ikkje punktum oftare enn andre, men dei fylgjer gjerne ein plan «til punkt og prikke» (eig. ‘noggrant til eit visst mål som er avmerkt med prikkar’): Dei møter opp på treffpunktet til det fastsette tidspunktet. Eit punkt kan soleis vera ein stad («det vestlegaste punktet i Noreg», «eit sårt punkt»), og det kan vera eit steg i ei rørsle eller ein prosess (jf. «nå eit punkt», «koma til eit visst punkt», frysepunkt, kokepunkt, nullpunkt). Livet er ei farefull ferd med både høgdepunkt og vendepunkt, so det gjeld å ha nokre faste haldepunkt i tilværet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement