Plukksvin
Trudde du eksosskinka forsvann? Ho har berre vorte riven i fillebitar.
Saktesteikt gris riven i småbitar. Må vi verkeleg reise tur–retur Tyskland for å få det til?
Foto: Michael J. Bennett / Wikimedia Commons
«Norsk kjøtt» står det på pulled pork-pakningen. Med store bokstavar og kring eit norsk flagg ser det nesten ut som eit merke: Her kan vi vere trygge på at det er norsk svinekjøt som er vorte steikt skikkeleg lenge på skikkeleg låg temperatur for at vi skal få skikkeleg mør og saftig pulled pork, eller dradd gris, som altså er nett svinekjøt steikt så lenge og sakte at det vert så mørt at ein kan dra det frå kvarandre og deretter nytte det til om lag alt ein elles ville nytta svinekjøt til.
Eg vert straks positivt overraska. For produsenten av produktet er Tulip – og Tulip er ikkje norsk.
Tulip Food Company er Danmarks eldste merkevare, etablert i 1909, men står ikkje lenger på eigne bein: Alt i 1990 fusjonerte dei med tre andre slakteri og vart ein del av Danish Crown. Danish Crown er i dag størst i Europa og nest størst i verda på svinekjøt, har 29.000 tilsette og tilnærma monopol på griseslakt i Danmark. Det er ikkje så lukrativt som ein skulle tru: Tidlegare i år varsla Danish Crown at dei ville seie opp over 300 danske tilsette. Eller danske? Dei fleste tilsette ved slakteria kjem frå Aust-Europa, men på det seinaste har sjølv dei vorte for dyre: Danish Crown flyttar slakteriverksemda frå Danmark til Tyskland. Ved fabrikken deira der er tre av fire arbeidarar tilsette i vikarbyrå. I stor grad kjem dei frå Polen, Bulgaria og Romania. Månadsløna er kring 12.000 kroner, men når på langt nær alle arbeidarane. Historia vi alt kjenner godt frå til dømes byggebransjen, spreier seg.
Stempelet avslører
Men no var det altså gris vi skulle ta for oss, og sidan denne grisen var norsk, er vel ikkje dette noko vi treng å ta større omsyn til? Diverre er ikkje verda så enkel. Grisen er norsk, men det ovale godkjenningsstempelet som syner kor grisen har vorte til plukksvin, byrjar ikkje med NO slik norske stempel gjer. Det byrjar med DE og held fram med NI 10845 EG.
DE NI 10845 EG tek oss til Dinklage, ein liten forstad litt sør for Oldenburg i Tyskland, der Tulip Food Company GmbH har fabrikken sin. Der vert plukksvinekjøtet deira produsert.
Langreist tollfritak
I 2014 vart eksosskinka ei stor sak her til lands: Spanske skinker vart sende rå til Noreg, fortolla, sende attende til utlandet for foredling og så importert attende til Noreg att – utan toll. Det heitte «utanlandsk tilverking». Då styresmaktene vart gjorde merksame på det, ville dei det til livs. Høvet til å importere, eksportere og importere forsvann i nyttinga av artikkel 19 i EØS-avtalen i 2017.
Utanlandsk tilverking og tilhøyrande tollnedsettingar vart likevel ikkje vekke. I forskrifta om «tollnedsettelser for landbruksvarer som gjeninnføres etter bearbeiding i utlandet», er formålet «å legge til rette for at virksomheter kan gjennomføre produksjonstilpasninger gjennom utenlands bearbeiding, samtidig som det tas tilbørlig hensyn til muligheter for avtak og foredling av landbruksvarer i Norge». Kvoten for utanlandsk tilverking av kjøt er ifylgje forskrifta 1080 tonn årleg, og det vert ikkje toll på dei norske råvarene, berre på utanlandsk tilførte varer.
For Tulips Pulled Porks del er dei utanlandske varene tilførte vatn, stivelse og krydder. Lite som utløyser toll der, altså, men mykje som utløyser irritasjon: Kvifor får produsenten lov til å skryte av at kjøtet er norsk, utan på nokon forståeleg og lett tilgjengeleg måte å opplyse om at produksjonen er så til dei grader utanlandsk, og at det gjer produktet så til dei grader langreist?
Kan vi ikkje dra gris i Noreg? Klart vi kan. Til dømes kan Nordfjord Kjøtt, som produserer pulled pork for Rema 1000. Også dei skryter av norsk kjøt. Men dei gjer det med Nyt Norge-merke – eit merke som har avgrensingar, men som i dette høvet fyller ein funksjon: Det er ei sertifiseringsordning med kriterium, og eitt av kriteria er at ikkje berre skal råvara vere norsk, tilverkinga skal òg skje i Noreg. Så det, så.
Kjøper eg pulled pork frå Tulip? Nei takk, eg drar så kort eg kan, og handlar i staden frå Nordfjord Kjøtt.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kan vi ikkje dra
gris i Noreg?
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»