Ord om språk

På sparket

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Når det går den vegen høna sparkar, går det attover og dimed dårleg. Eit slag eller spark mot låret vert kalla lårhøne. Kva har høna gjort for å fortena alle desse sleivsparka?

Spenning og sparking er det mykje av i verda, men ingen har sparka sparka (norr. sparka) på dør. Sparka og spark heng i hop med ei rad andre ord som byrjar på sp, som spenna, sperre, spor, spørja (eig. ‘fylgja spor’) og spord. Dei kjem av ei rot som tyder ‘spreia, retta (ut)’. Orda sparkel og sparkla heng derimot ikkje i hop med sparka, men med spatel (frå latin spatula ‘liten spade’).

Dei seinaste åra har sparka jamt dukka opp i lag med sykkel og syklist. Folk snåvar i sparkesyklar som står og ligg der folk skal gå, og sparkesyklistar skamfer både seg sjølve og andre. Det er ikkje underleg at folk kan ha lyst til å gjeva syklistane og utleigeselskapa nokre kraftige ballespark eller lyskespark og sparka bein under heile opplegget.

Det er mindre kiv og strid om sparken eller sparkstyttingen. Om sparkføret er godt og unnabakken bratt, går det snøgt, men elles er spark ei fredeleg og lite farleg fargreie. I barndomsbyen min Elverum var dei gode til å strøya berre halve gangvegen. På den andre helvta susa eg til og frå skulen med god rytme i fråsparka.

Fotballsparking har gjeve oss mange ord og vendingar med sparka og spark. I tillegg til frispark, hyrnespark og straffespark har me avspark (jf. «sparka i gang»), som fint kan nyttast biletleg («kampanjen hadde avspark i går»). Nokre er gode på brassespark og hælspark.

Om me sparkar ballen direkte vidare, kan me seia at me tek han på sparket. Sameleis om me prøver å meistra noko utan førebuing eller dryging. Kva med oppspark? Det kan vera ei samanblanding av opptakt og avspark.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement