Ord om språk
På skraphaugen
Når kulda og snøen kjem, gjeld det å ha ei god isskrape for handa. Å køyra ikring med dårleg skrapa bilruter er korkje tillate eller tilrådeleg. Dersom kontoen er so skrapa at me ikkje får kjøpt skrape sjølve, skal me ikkje fortvila: Det finst verkstader og andre verksemder som kastar slikt etter folk. Nokre av desse skrapene er brukande, andre er berre noko skrap.
Me lyt vel skrapa saman nokre opplysningar om soga til skrapa? Det er ikkje det mest forvitnelege ordet i målet vårt, men det treng ikkje bukka og skrapa for andre ord heller. Skrapa har nokre skrapande ljodar i seg som står fint til innhaldet, utan at me skal gå so langt som å kalla det eit ljodord. Og det har tolt jamn bruk gjennom mange år utan å verta oppskrapa eller nedslite: Det heitte skrapa i mellomalderen òg. Ordet skal vera i ætt med latin scrobis (‘eit hòl som er grave, grav’).
Engelsk scrap og scrape er truleg lånt frå norrønt eller i alle høve påverka av norrønt. So har me eit lån som har gått andre vegen: Engelsk skyscraper (‘himmelskrapar’) er vorte norsk skyskrapar. På slutten av 1800-talet vart skyscraper teke i bruk i USA som nemning for fælt høge bygningar i byar. Sjølve ordet er eldre og har mellom anna tydt ‘svært høg mann’ (1857) og ‘høgtflygande fugl’ (1840), og det har vore namn på ein veddelaupshest (1789), fortel Online Etymology Dictionary.
Me kan nytta skrapa om å ‘skava, gjera reint med ein kvass reiskap’ («skrapa måling av veggen», «kjøpa skrapelodd»), ‘rispa, skrubba’ («skrapa seg opp») og ‘stryka gnissande med noko’ («skrapa på døra»). Når me skrapar, fjernar me eitkvart. Då fell det lett å nytta partisippet skrapa om det som er tomt og skrint: «Kommunekassa er botnskrapa.» «Hylla er skrapa for varer.» «Du ser skrapa ut.» I Prøysen-visa «På Hamar med slakt» høyrer me om «beinskrapa gardkjerringskinn».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.