Tankekross i kryssordet
Teikning: May Linn Clement
Me har vel alle møtt nokon som ikkje legg to pinnar (el. tre) i kross, men heller står med krosslagde armar og ser på. Kan henda har me sjølve cruisa gjennom ein dugnad på det viset. Dersom me legg ut på krossferd eller krosstog mot latskap og unnasluntring, er det i alle fall éin ordflokk som kan kjenna seg trygg: orda som kjem av latin crux.
Der finn me kross og krossa (t.d. «krossa seg»). Det er same orda som kors og korsa. Skilnaden er at to ljodar har bytt plass (fagordet for slikt er metatese). Kryss og kryssa høyrer òg til her, i tillegg til krusifiks og ei rad ord som har kome til oss gjennom engelsk, som krossykkel, rallycross (jf. cross-country ‘i terreng, utanfor veg’), cruise og cruisa (av nederlandsk kruisen ‘kryssa’).
I Norsk etymologisk ordbok står det at latin crux vart nytta om ulike torturinstrument. Ein lyt kryssjekka opplysningar mot andre kjelder, og sanneleg: I Latinsk ordbok ser me at crux tyder «bjelke el. påle som ble brukt ved korsfestelse (den pålen som var rammet ned i jorda dannet sammen med et løst tverrtre, patibulum, et kors); også en påle som en ble spiddet på eller som en ble bundet til for å piskes».
Jesus hang på krossen, og krossen er symbol for Kristus og kristendomen. Tunge lagnader og store sorger vert òg kalla kross («ha ein kross å bera»). Og me kan «krypa til krossen» (eig. ‘krypa til krusifikset og gjera bot’). Læresveinen Andreas skal ha vorte krossfest på ein X-forma kross, so det heiter andreaskross.
Om me søkjer gjennom ordbøkene på kryss og tvers, finn me til dømes hakekross (også kalla solkross, hjulkross), storkross og krossting. Etter folketrua kunne ein krossmerkja dører, vegger og andre saker til vern mot vonde makter. Kan henda heng glederopet «kryss i taket» saman med det. Me nyttar òg kross om vegskil («stå ved ein krossveg»). Derfrå er det stutt til gatekryss, ljoskryss, plankryss og vegkryss.
Til liks med kross viser kryss og kryssa til saker som går på tvers eller skrå over kvarandre på noko vis. Me kan leggja trefibrar i kryss (kryssfiner), setja ballen i krysset, kryssa skia, kryssa fingrane, kryssa Atlanterhavet og jamvel kryssa sauerasar. Det er vanskeleg med kryssande interesser, men ofte endå verre med krysseld, kryssforhøyr og krysspress. Kross på halsen!
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.