JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Skarpsindige likesinna

Er sinn-orda samankopla både i sinn og skinn?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dersom ein aldri nokosinne har sett eit sindig menneske fara opp i illsinne, kan ein ha vondt for å tru at slikt hender, skriv Kristin Fridtun.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

2413
20240308
2413
20240308

Dersom ein aldri nokosinne har sett eit sindig menneske fara opp i illsinne, kan ein ha vondt for å tru at slikt hender. Nokre folk tek mestsom alt med den største sinnsro og verkar tvers igjennom venlegsinna og umoglege å terga. Kva dei tenkjer i sitt stille sinn, veit me ikkje. Stundom slepper dei fram sinnataggen i seg, til dømes når dei høyrer vondsinna slarv.

Er desse sinn-orda samankopla både i sinn og skinn? Ja, men dei har kome til oss på ulikt vis. Me lyt halda tunga beint i munnen og ikkje til dømes tru at «sinna seg» er det nynorske motsvaret til bokmål «besinne seg». Ordlaget «sinna seg» tyder ‘gjera seg sint, hissa seg opp’, medan «besinne seg» (frå lågtysk) er noko anna: ‘styra seg, tenkja seg om’.

Sistelekken sinne i orda nokosinne og einkvansinne kan sporast attende til det norrøne inkjekjønnsordet sinni (‘gang, ferd; stønad; lag; gong’). Norrønt hadde òg eit nærskyldt, einstava inkjekjønnsord: sinn (‘gong, stund’, jf. svensk någonsin). Det ordet ter seg no mest i faste ordlag, som «her i sinn» (‘nyst’) og «sinn sundag» (‘førre sundagen’).

Når me ser ordbiletet sinn i dag, tenkjer me helst på sinn i tydinga ‘hug; huglag, lynde’. Det kjem ikkje frå norrønt, men er eit lågtysk lånord. Det har gjeve oss ord som sint, sinna, sinne og sindig. I Norsk Ordbog omtalar Aasen sinn («Sind, Hu») som «egentlig et nyt Ord». Om adjektivet sinna (landsmål sinnad) skriv han: «Nyere Ord og mindre ædelt; jf. harm, vreid, arg, og i stærkere Betydning: ill, vond, vill

Men kva er det som bind sinni (‘gang, ferd’) i hop med sinn (‘hug’)? Det sams utspringet kan vera eit verb som har hatt tydingar som ‘å fara (på leiting etter), trå etter, tenkja på’. Ordbog over det danske Sprog skriv at grunntydinga til sinn er «sindets bevægelse ell. retning mod et vist maal». Me veit ikkje for visst om latin sentire (‘kjenna, merka’) og sensus (‘kjensle, vit’) høyrer til her.

I alle høve er det sinnssjukt mykje som går føre seg i sarte barnesinn og menneskesinnet elles. Me har skiftande sinnsstemningar, ymse sinnslidingar, lettsinn og tungsinn, skarpsinn og sløvsinn, stivsinn og storsinn. Folk kan vera innsinte, langsinte, bråsinte eller snarsinte, og mange har røynt at det er vanskeleg å leva etter bodet «tap og vinn med same sinn».

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis