Ord om språk

Knep mot mageknip

Publisert

«Etter ein knipar kjem ein øydar», seier ordtaket. Me kan òg seia det slik: «Etter avlaren kjem øydaren.» Det me har samla og bygt opp gjennom måtehald og hardt arbeid, kjem nokon etter oss til å skusla bort. Det er lett å tru at folk som er oppvaksne mellom kniparar, knipefantar, knipelus, knipkallar og andre knipne folk (gniarar), vert kniparar sjølve. Men nokre av dei får knipeskapen heilt opp i halsen og vert øydarar just fordi dei er oppseda til å knipa inn på alt.

Mange har hamna i pengeknipe etter ovdrykk og vågespel på ymse kneiper. Dei kan trøysta seg med at knipe og kneipe ordhistorisk sett høyrer i hop. Til grunn for det heile ligg verbet knipa. Granskarane reknar med at det er eit heimleg ord, jamvel om me ikkje finn det i gamle nordiske mål. Ordet kan òg vera lånt frå lågtysk. Grunntydinga skal vera ‘klypa, klemma’. Det er òg ei gamal gjerd å bruka knipa om landskap og opningar som snevrar seg inn, vert trongare: «Dalen knip seg saman.» «Ho kneip i hop munnen.» «Han talar knipemælt (d.e. nasalt).» Det er rimeleg å gå ut frå at kneipe (frå tysk) har grunntydinga ‘trongt rom, lokale’.

Substantivet knipe har nok opphavleg tydt ‘reiskap til å knipa med’. No brukar me det helst i den biletlege tydinga ‘lei stode (som det er vanskeleg å koma seg or)’. I same gata finn me vendingar som «koma i ei klemme» og «sitja i saksa». Verbet knipa kan i seg sjølv tyda at noko er vanskeleg eller held hardt: «Det knip om plassen.» «Dei fekk ein knipen siger.» «Ho er god å ha når det knip.» Om nokon sit trongt i det, kan me seia at det er knipsamt for dei eller knipe med dei. Ein butikk med stort utval kan me derimot skildra slik: «Dei er ikkje innknipne.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement